Idrettsanlegg

I Ørsta sentrum finn du Ørstahallen (ved Ørsta ungdomsskule). I tillegg har dei fleste skulane i kommunen gymsalar for utleige og bruk.

Ørstahallen
 

Idrettsanlegga i Ørsta kommune er omtala i kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet 2013-2020

Fleire lag og organisasjonar nyttar Ørstahallen og gymsalane. Hallstyret fordeler treningstider i desse idrettshallane for kvart skuleår etter innkomne søknadar. I helgane vert Ørstahallen stort sett nytta til handballkampar, og det er difor kun unntaksvis at det går an å få halltid då.
 
Lysing om treningstid vert annonsert i Møre-Nytt, med søknadsfrist ca 1.mai.
Grunna mange søkjarar, og begrensa halltid, har Hallstyret valt å prioritere innandørsidrettar ved fordeling.
 
Bruk av gymsalar ved øvrige skular i kommunen kan takast opp direkte med rektor på gjeldande skule.
 

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal