Vekst i Hareid inn i ny fase

Omstillingsprosjektet Vekst i Hareid, som er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Hareid næringsforum/næringslivet i Hareid, er på veg inn i ein ny fase. 

Prosjektleiar, Julie Sundgot Andersen, under signering av samarbeidsavtale læring – næring. Dimo

I den forbindelse har noverande prosjektleiar, Julie Sundgot Andersen, valt å sei opp si stilling og gir med dette stafettpinnen over til nye krefter.

Julie har vore prosjektleiar for Vekst i Hareid i 4 år og har no valt å søke seg tilbake til den maritime næringa der ho kom ifrå. Julie skal starte i ein nyoppretta stilling i Entec Evotec allereie frå juni av. I arbeidet med Vekst i Hareid har prosjektleiar, saman med eit sterkt styre, etablert eit viktig fundament i næringsutviklinga i Hareid kommune. Ein har gradvis spissa satsinga i prosjektet og styret har sterke ambisjonar for vegen vidare. Styret vil no gå i gang med tilsetting av ein ny prosjektleiar. Her vil det vere spennande moglegheiter for rette kandidaten.

Vekst i Hareid

  • Omstillingsprosjekt som arbeider for næringsutvikling i Hareid kommune
  • Prosjektet starta med eit forprosjekt i 2019. Hovudprosjektet starta medio 2020
  • Består av ein prosjektleiar som er tilsett i 100% stilling og ei styringsgruppe som består av personar med erfaring frå ulike roller i næringslivet, politisk ledelse og kommuneledelse.
  • Fylkeskommunen finansierer 50% av prosjektet, Hareid kommune 25 % og næringslivet i Hareid 25%