Anne Grete Muren og Karina Gade Larsen frå Bunnpris gler seg til å ta imot turistar. Her står dei saman med kulturleiar i Hareid kommune, Melinda Skeide.
Silje Kiperberg Aksnes
Erlend Friestad
Turistinformasjonen har vore hos Cirkel K i mange år og vi har hatt eit godt samarbeid med dei.
- Vi er veldig takksame for jobben som Karin og gjengen har gjort her, seier kulturleiar Melinda Skeide.
No går stafettpinnen vidare til Bunnpris og Ishavsmuseet. Dei har fått opplæring med kultureininga i kommunen i samarbeid med turistinformasjonen i Ålesund.
Både Bunnpris og Ishavsmuseet har allereie mange turistar innom, så dette er ei godt tilbod som vi trur vil bli satt pris på, seier kulturleiar Melinda Skeide.
Kjøpmann hos Bunnpris, Karina Gade Larsen, fortel at det alt har vore mange innom, og at turistbrosjyrane går unna.