Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom?
I Hareid kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra.
Vi vil gjere vårt beste for å fange opp og hjelpe barn og unge som treng det. Alle har eit ansvar og alle kan hjelpe. Denne nettstaden skal hjelpe alle i kommunen, tilsette og privatpersonar, til å vite kva vi skal gjere om vi er bekymra for nokon.
Her kan de lese meir om dette arbeidet: Betre tverrfagleg samhandling (BTS).
Denne sida er i stadig utvikling. Har du tilbakemeldingar, set vi pris på det! Ta kontakt med prosjektleiar Silje.