Tidleg innsats handlar om å avdekke vanskar tidleg i alder eller tidleg i ei risikoutvikling. Det kan gjelde forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien, eller det kan vere miljøet i barnehagen/skulen eller fritida som skaper utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har derfor ei sentral rolle i å oppdage og følgje opp dei som treng det.
Samordning av tenester handlar om å skape eit godt samarbeid og god framdrift når kommunale basistenester (f.eks. helsestasjon, barnehage, skule) og hjelpetenestene (f.eks. helseteneste, PPT, barnevern) i fellesskap skal hjelpe born/ungdom/familiar gjennom vanskar. BTI-modellen skal bidra til styrka samhandlinga mellom tenestene og brukaren utan at det vert brot i oppfølginga.
Brukarmedverknad handlar om at dei kommunale tenestene legg til rette for at gravide, born, unge og deira foreldre vert involverte i samarbeidet så tidleg som mogleg. Dette inneber også at det vert lagt til rette for at foreldre/brukarar enkelt kan kome i kontakt med aktuelle tenester ved uro for eigne eller andre sine born. Brukarane skal oppleve kommunen sine tenester som oversiktelege.
Handlingsrettleiaren består av:
- Grunnmodell på fire ulike nivå
- Handlingsrettleiar
- Verktøy
- System for dokumentasjon (t.d. stafetthaldar/stafettlogg)
- Tilsette sin kompetanse
Grunnmodellen består av fire ulike nivå (sjå illustrasjon over). Kvart nivå skildrar gangen i arbeidet med å avklare uro og sette i verk tiltak i og mellom tenestene. Brikkene i figuren symboliserer nivåa og talet på tenester som er/vert involverte. Dei ulike nivåa vert knytte saman av den loddrette brikka som strekkjer seg mellom nivåa. Denne symboliserar stafetthaldaren og stafettloggen, som handlar om eit system for samanheng i og sikring av dokumentasjon av og heilskap i det samla tilbodet. Den strekkjer seg mellom nivåa og sikrar heilskapleg og koordinert innsats utan at det vert brot i oppfølginga.
Nivå 0: Her avklarar vi om det er grunn til uro
Nivå 1: Skildrar tiltak innanfor kvar einskild teneste
Nivå 2: Skildrar enkelt tverrfagleg samarbeid mellom fortrinnsvis to tenester
Nivå 3: Skildrar meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester
Handlingsrettleiaren
Handlingsrettleiaren er ein rettleiar for korleis tilsette skal gå fram i arbeidet med born, unge eller familiar ein er uroa for. Den har som formål å lage ein struktur på arbeidsoppgåvene og skildre gangen i arbeidet. Hareid kommune sin handlingsrettleiar finn du her.
Verktøy
Under kvart trinn i handlingsrettleiaren er der verktøy som skal vere til hjelp for den einskilde tilsette, heilt frå fasen der vi oppdagar og vurderer ei uro, og vidare gjennom fasane med å avgjere, setje i verk og evaluere hjelpetiltaka. Ei fullstendig liste med link til alle verktøya som vi nyttar i Hareid kommune ligg her
Stafetthaldar og stafettlogg
I tillegg til desse verktøya har BTS-modellen ein stafettlogg. Formålet med denne er å sikre at det ikkje vert brot i hjelpetilboda frå kommunen og å samordne kommunens tenestetilbod. Det betyr at loggen følgjer brukaren uavhengig av kven som til ei kvar tid tilbyr tenester. Ein viktig føresetnad for å nytte stafettlogg er samtykke frå foreldre/brukaren. I tilknyting til stafettloggen vert det også utpeika ein stafetthaldar. Det er den som til ei kvar tid har koordineringsansvar for å følge opp brukaren, som blir pekt ut til å være stafetthaldar. Førebels har ikkje Hareid kommune program for ein slik logg - opprett difor tiltak i eiga avdeling og dokumenter i systemet som vert nytta til vanleg.
Kompetanse
Ein føresetnad for å nytte modellen og verktøya er at det finst kompetanse til å utføre oppgåvene i tenestene slik som modellen skildrar. Vi snakkar her om to typar kompetanse:
Den eine dreiar seg om å forstå og kunne bruke BTS.
Den andre dreiar seg om å vere i stand til å utføre dei oppgåvene som ligg til dei ulike arbeidsprosessane i modellen, som å bli merksam på målgruppa, oppdage kven som treng oppfølging, følgje opp, og å vere i stand til å kople på den kompetansen og innsatsen som krevst.
Les meir om modellen på helsedirektoratet sine sider.