Foreldrestøttande tiltak

Foreldrestøttande tiltak

Hareid helsestasjon tilbyr ulike formar for foreldrestøttande tiltak. Foreldrestøttande tiltak tek sikte på å støtte foreldra i å meistre si rolle og samspel med barnet. I samarbeid med foreldre finn vi ut kva tilbod som er best egna for deira situasjon. Foreldrestøttande tiltak kan vere aktuelt i alle aldersgrupper og i ei rekke situasjonar.

Tenesta er gratis.

Døme på situasjonar der foreldrestøttande tiltak kan vere til hjelp er:

  • Barn med utfordrande åtferd eller skeivutvikling
  • Problem med tilknyting, samspel eller kommunikasjon mellom foreldre og barn
  • Utfordringar i barnehage eller skule

Foreldrestøttande tiltak kan gjennomførast individuelt eller i gruppe.

For meir informasjon, eller for å bestille time, kontakt helsestasjonen på tlf: 70 03 77 50 

Under finn du ei oversikt over ulike former for foreldrestøttande tiltak som vert tilbydd:

Babymassasje

Ved Hareid helsestasjon er det jamleg tilbod om kurs i babymassasje. 

Kurset går som regel over 5 gongar, og ein brukar ca. 1-1,5 time kvar gong. Etter kurset vert det pratestund og moglegheit for å dele erfaringar med andre foreldre. 

Det er fint å starte med massasje frå barnet er seks veker til det når krabbestadiet. 

På kurset lærer foreldra:

  • metode for massasje av barnet
  • om massasjens gode verkingar
  • å tolke og svare på barnets signal
  • å tilpasse massasjen til større barn
  • gode tidspunkt for å massere, og når ein ikkje bør massere barnet
  • litt teori om babymassasje

På kurset treff foreldre andre foreldre som er opptatt av det same, og:

  • babymassashe er eit fantastisk verktøy for å styrke det gode samarbeidet mellom foreldre og barn.
  • babymassasje hjelper foreldre til å forstå og tyde barnets kroppsspråk.
  • babymassashe hjelper både foreldre og barnet til å frigjere spenningar, og gir eit pusterom i kvardagen.

Ta gjerne kontakt med Hareid helsestasjon for meir informasjon:
E-post: ann.elin.skeide@ulstein.kommune.no 
Tlf.: 70037750

Foreldrekurs (COS-P kurs)

Hareid helsestasjon tilbyr gratis kurs etter foreldrerettleiingsprogrammet Tryggleiksirkelen (Circle of security parenting, COS-P). 

Kurset er anbefalt til alle foreldre. Du treng ikkje oppleve at foreldrerolla er vanskelig, eller at ditt barn har behov for noko spesielt. Tilbudet er til deg som ønsker å hjelpe barnet ditt til å få ei trygg tilknytning

Tryggleiksirkelen er ein modell som kan hjelpe deg å sjå og forstå barnet sitt behov og følelsar. 
Vi ønsker å gi foreldre eit verktøy som kan vere til hjelp i kvardagen med borna. Eit «vegkart» som gir retning. Kurset handlar både om det å kunne sjå barnet innanfrå og seg sjøl utanfrå og kva signal borna og foreldre sender til kvarandre. Programmet bygger på forskningbasert kunnskap om korleis foreldre-barn-relasjonar kan støttast og styrkast.

På Circle of Security International kan du lese meir om innhaldet. 

For meir informasjon eller påmelding, ta kontakt med:

Ann Elin Skeide, mobil: 954 61 323, e-post: ann.elin.skeide@hareid.kommune.no

Hanne Voksøy, mobil 954 72 968, e-post: hanne.voksoy@hareid.kommune.no

PMTO - Parent Mangemant Training Oregon

Hareid helsestasjon tilbyr i samarbeid med Ulstein PMTO Parent Management Training Oregon 

Dette er eit lavterskeltilbod til foreldre som har barn i alderen 3-12 år med åtferdsvanskar.

PMTO har fokus på samspelsmønster som fremmar samarbeid og positiv utvikling mellom føresette og barn. Ein har også fokus på å bygge gode relasjonar mellom barn og føresette. 

Ein kan søke om PMTO når føresette strevar med barnet sitt og samspelet er prega av mas, aggresjon, konfliktar og at barnet ikkje høyrer etter.

Dersom ein ynskjer tilbod om PMTO kan føresette ta kontakt med PPT, helsestasjon, barnevern eller direkte med PMTO-terapeutane. Andre tenester kan også på vegne av føresette ta kontakt.

Ta gjerne kontakt med Hareid helsestasjon for meir informasjon Tlf.:70037750

Eller PMTO-terapeutane:
Kristin Sæther
Tlf.: 469 51 825

Gry Grønmyr Jonberg
Tlf.: 481 68 230 

Sjå brosjyre om PMTO(PDF, 919 kB) for meir informasjon.

På heimesidene til PMTO kan du lese meir om tilbodet. 

 

Dersom det er konflikt mellom dei vaksne kan ein kontakte familievernkontoret for hjelp. Trykk her for kontaktinformasjon.