Tenester

Tenester

pexels.com

 Her vil de finne ei oversikt over alle tenester for barn, unge og familiar i Hareid kommune

Helsestasjons- og skulehelsetenesta

Hareid helsestasjon held til i 2. etasje i Helsehuset (Kjøpmannsgata 16), og gir tenester til barn og ungdom i alderen 0-21 år og deira føresette, samt gravide. Tlf: 70 03 77 50. På helsestasjonsportalen finn du informasjon om alle tilboda på helsestasjonen.

Gravid
Er du gravid får du tilbod om gratis svangerskapskontroll hos jordmor på helsestasjonen eller hos din fastlege. Du kan sjølv velje om du vil nytte jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse. 

Meir informasjon om svangerskapskontroll finn du her

Gravide får også tilbod om gratis bassengtrening med fysioterapeut. Her kan du lese meir om dette tilbodet. 

Spedbarn 0-12 månader
Helsestasjonen er kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande tilbod til alle barn i aldersgruppa 0-12 månadar og deira foreldre. Tilbodet er gratis. Helsesjukepleiar og lege tilbyr regelmessig oppfølging, og kan tilvise barn og familier med spesielle behov til andre helsetenester. Føresette kan også ta kontakt sjølv eller ved behov ut over faste avtalar.

Klikk her for å lese meir om kva helsestasjonen gir tilbod om. 

Barn 1-5 år
Helsestasjonen er kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande tilbod til alle barn i aldersgruppa 0-5 år og deira foreldre. Tilbodet er gratis. Helsestasjonen skal bidra til barn si fysiske, psykiske og sosiale helse, og styrke og støtte foreldre i å meistre foreldrerolla. Helsestasjonen kan også avdekke sjukdom og skeivutvikling, og vere ein ressurs for barn og familier som har behov for ekstra støtte og hjelp.

Klikk her for å lese meir om kva helsesjukepleiar og lege kan tilby.  

Skulehelsetenesta 6-20 år
Skulehelsetenesta finst på alle barne-, ungdoms- og vidaregåande skular. Skulehelsetenesta er ansvarlig for vaksinasjon av barn og ungdom, og gir i samarbeid med skulen tilbod om undervisning i klasser, samt gruppe og individuelle samtalar. Tenesta er gratis og helsepersonell har teieplikt.

Klikk her for å lese meir om skulehelsetenesta.

Helsestasjon for ungdom
Helsestasjon for ungdom er eit lågterskeltilbod for gutar og jenter i alderen 13-20 år, og er eit supplement til skulehelsetenesta. Tenesta er gratis og helsepersonell har teieplikt

Klikk her for å lese meir om helsestasjon for ungdom.

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

PPT hjelper skulane og barnehagane slik at barn og unge skal få tilpassa, inkluderande og likeverdig opplæring.

Tenesta jobbar på eit overordna nivå og skal i all hovudsak hjelpe leiinga i skulane og barnehagane med kompetanseheving og organisasjonsutvikling. Målet er å legge til rette for at alle får tilpassa, inkluderande og likeverdig opplæring. Slik kan ein hindre at barn vil trenge spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning. 

Tenesta skal skrive sakkunnig vurdering der lova krev det. Det kan dreie seg om tidlegare eller utsett skulestart, heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta og elevar som treng spesialundervisning eller spesialpedagogisk hjelp.

Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta har ei felles PP-teneste. Ulstein er vertskommune for tenesta.

Her kan du lese meir om PPT, korleis dei arbeidar med organisasjonsutvikling, kompetanseheving og sakkundig innsats. Her finn du skjema til bruk i barnehagar, skular og vidaregåande og kontaktinformasjon til tenesta.

Koordinarande eining

Koordinerande eining

Etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester §7-3, skal det vere ei koordinerande eining for habilitering/rehabilitering i kommunen. Koordinerande eining skal bidra til heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar.

I Hareid kommune er Koordinerande eining eit tverrfagleg team som består av einingsleiar for helse- og koordinerande eining, leiande helsesøster, kommunefysioterapeut og kommuneergoterapeut.

Handlingsplan Koordinerande einingar individuell plan og koordinator i Møre og Romsdal (PDF, 701 kB)

 

Mål for koordinerande eining

  • At brukar med behov for koordinerte tenester veit kvar dei skal vende seg for å få hjelp 
  • At brukar med behov for koordinerte tenester opplever tenestetilbodet som samordna, koordinert og individuelt tilpassa 
  • At brukar med behov for koordinerte tenester opplever at det vert lagt vekt på brukarmedverknad, og at tiltak og tenester tek utgangspunkt i kvar enkelt sine ressursar
  • Sikre gode rutinar for opplæring og utarbeiding av individuell plan og ha oversikt over oppretta individuelle planar i kommunen

Kven kan ha behov for koordinerte tenester?

  • Personar som pga. skade eller sjukdom har hatt eit brått fall i evna til å fungere i dagleglivet
  • Personar med gradvis fall i funksjonsevna over lengre tid
  • Personar med kroniske sjukdomar
  • Personar med medfødt funksjonssvikt
  • Personar med fysiske, psykiske og sosiale problem ​

Les meir om tenesta på helsedirektoratet sine sider.

Kontaktperson i Hareid kommune er Kari-Janne Ljones Kulø, einingsleiar for helse og koordinerte tenester. Telefonnr: 99435473, e-post: kari-janne.ljones.kulo@hareid.kommune.no

Familievernkontoret

Familievernkontoret gir tilbod om rådgjeving og samtalar når det er vanskar, konflikter eller krise i familien. Kontoret utfører lovpålagt mekling for foreldre med felles born under 16 år ved samlivsbrot og samlivsvanskar mellom foreldra. 

Alle som treng å prate om vanskelege forhold kan søkje familierådgjeving ved familievernkontoret.

Familievernkontoret held til i Ålesund, men dekker kommunane: Ålesund, Fjord, Giske, Sula, Stranda, Sykkylven, Ørsta, Volda, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven. Dei har faste kontordagar i Ørsta kommune.

Ein treng ikkje henvising for å kome til familievernkontoret, og tilbodet er gratis.

Klikk her for kontaktinformasjon. 

Barneverntenesta

Interkommunal barnevernteneste
Barnevernet skal sikre at barn og unge som lev under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får riktig hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Hareid, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste med tilhaldsstad på rådhuset i Volda. Alle tilsette har arbeidsstaden sin i Volda. Ved behov har dei tilgang til kontor og møterom i kvar av kommunane. Alle skulane og barnehagane i Hareid kommune har eigne kontaktpersonar i barnevernet. Desse kan tilsette kontakte for å diskutere saker og problemstillingar. Kontaktpersonane kan møte opp på skule/barnehage ved behov og i møte t.d. med foreldre/personalmøte o.l.

Adresse:
Stormyra 2
6100 VOLDA

Telefon: 70 05 88 00
Les meir om barneverntenesta sine oppgåver på deira heimeside
Barnevernsvakta er barneverntenesta sin akuttberedskap og er open heile døgnet.
Hovudoppgåva er å bistå barn, unge og familiar i akutte situasjonar, og dei skal først og fremst sikre at barn og unge har det trygt. Barnevernvakta skal i hovudsak gi råd og rettleiing på telefon. Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.

Adresse:
Ålesund politistasjon
Korsegata 4 (Postgården)
6003 ÅLESUND

Telefon Barnevernvakta: 91 57 60 20 
Telefon politi: 02800

Tenesta for psykisk helse og rus

Tenesta for psykisk helse og rus består av eit tverrfagleg team. Dei gir individuell oppfølging i heimen eller på kontor til personar som strevar med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus og deira pårørande. Tenesta tilbyr også gruppeaktivitetar og dagtilbod. Med fokus på førebygging gir teamet også oppfølging til unge personar. Tilbodet er gratis. 

Her kan du lese meir om tenesta.

Tenesta har også starta opp eit nytt lågterskeltilbod; OPA DØR (klikk på linken for meir informasjon). Her kan du få samtale utan tilvising frå fastlege.

SLT - Samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggande tiltak

Vi samarbeidar med Ulstein kommune om SLT. SLT-modellen er eit hjelpemiddel for å samordne rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak for barn og unge for å sikre at ressursane i kommune og politi vert samkøyrt og målretta. SLT-arbeidet skal bidra til at barn og unge i kommunen skal få riktig hjelp til riktig tid av eit hjelpeapparat som samarbeidar godt på tvers av etatar og faggruppe. 

Det overordna målet med SLT-arbeidet er å bidra til eit trygt og godt oppvekstmiljø. 

På heimesida til kommunen kan du lese meir om SLT-arbeidet vårt.

Silje Kiperberg Aksnes er for tida vikar som SLT-koordinator, tlf. 95891289, silje.kiperberg.aksnes@hareid.kommune.no

Du kan lese meir på dei nasjonale nettsidene til SLT. 

Ungdomsarbeidar

Ungdomsarbeidaren skal fremje fellesskap og samhald i ungdomsmiljøet og legge til rette for lågterskel tilbod som alle kan delta på. Ungdomsarbeidaren skal drifte ungdomsklubben som er open kvar dag, og organisere ulike kveldsarrangement. Målet til ungdomsarbeidaren er å rettleie ungdom til å ta ansvar, og legge til rette for ei trygg og fin ungdomstid i Hareid.

https://www.facebook.com/ungihareid

Kontakinformasjon til ungdomsarbeidaren:

Renate Seljeset Bøe

e-post: renate.seljeseth.boe@hareid.kommune.no

telefon: 99360923

 

NAV

Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) er ein offentleg etat underlagt Arbeids- og sosialdepartementet som har ansvar for organisering og finansiering av arbeidsmarknadstiltak, trygdeytingar og sosialhjelp.

NAV skal være spesielt oppmerksam på oppvekstvilkåra til barn og unge. Barnekonvensjonen er ein del av norsk lov, og skal sikre at avgjersler, også dei som gjeld vaksne, skal være til barnas beste. Barn har rett til ein tilstrekkeleg levestandard, og rett til å bli hørt. 

Hareid har felles NAV kontor med Ulstein og Sande. 
Her finn du kontaktinformasjon og åpningstider. 

Krisesenter for Sunnmøre

Krisesenter for Sunnmøre er eit gratis, døgnope tilbod for barn, kvinner og menn som er eller har vore utsett for vald i nære relasjonar. Krisesenteret er lokalisert i Ålesund kommune, men er eit interkommunalt tilbod til innbyggarar i Ålesund, Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Fjord, Vanylven, Stranda og Sykkylven. Personar frå andre stadar i Norge kan også nytte deira tilbod. 

Krisesenteret kan tilby:

  • Butilbod
  • Dagtilbod
  • Advokatbistand

Avdeling for kvinner og barn
Døgnopen krisetelefon: 70 16 33 33 / 945 39 945
E-post: krisesenter-kvinner@alesund.kommune.no

Avdeling for menn og barn
Døgnopen krisetelefon: 90 70 74 33
E-post: krisesenter-menn@alesund.kommune.no

Felles nettstadSunnmøre krisesenter

Flyktningtenesta

Overordna mål for flykntingarbeidet i Hareid kommune:

1. Flyktningarbeidet i Hareid kommune har som mål å kunne ta imot og busetje det tal flyktningar som kommunestyret til ei kvar tid har vedteke

2. Kommunen sitt flyktningarbeid skal bidra til at innvandrarar som vert busette i Hareid kommune, finn seg raskt til rette i kommunen, og at dei vert sjølvhjelpte så snart som råd er.

Her finn du plan for flyktningarbeidet i Hareid kommune.

 

Støttande team

 

Støttande team er eit lågterskeltilbod i Hareid kommune. Det er ein del av Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Målet for kompetanseløftet er at alle barn og elever opplever å få eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule. Hareid kommune har difor oppretta Støttande team som skal støtte skular og barnehagar til å handtere vanlege, men også samansette og meir komplekse, utfordringar i kvardagen. Det støttande teamet skal jobbe tverrfagleg og ha brei kompetanse på sosialt arbeid, psykisk helse og spesialpedagogikk. Dette for at vi betre kan sjå heile barnet utifrå våre ulike ståstader. Teamet skal fyrst og fremst arbeide for å heve det ordinære, men kan i meir kompliserte saker vere ei støtte i koordineringsarbeidet i samhandling med styrar/rektor/heim.

Det skal vere låg terskel for å ta kontakt ved behov eller spørsmål. 

Ta kontakt på e-post: stottande.team@hareid.kommune.no

Desse jobbar i Støttande team:

Cecilie Valland

Lene Veiseth

(obs: hugs at ein ikkje skal sende sensitiv informasjon på e-post)