Helsestasjon

Helsestasjon

Saksbehandling og registrering skjer i HSPro. HSPro har frå 1.9.2020 fullelektronisk NOARK arkivkjerne - Visma Samhandling Arkiv (VSA) der det som er arkivverdig etter arkivlova vert arkivert. Resten går til elektronisk pasientjournal (EPJ).
HsPro har innebygd SvarUT-teneste for sikker digital postutsending.
Digi Helsestasjon vart etablert i 2021 for enklare og sikker samhandling med brukarar av tenesta.

Ein journal per brukar av tenesta.

Innhald i arkivdel

Registrering, oppfølging, rettleiing, helsesjekk, vaksinering med meir. For born og unge i alderen 0-20 år, gravide og føresette

Tilgang til arkivdel

Tilsette på helsestasjonen og helsestasjonslege.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Sensitiv
Lovhjemmel: Off.lova §13 jf forv.lova §13
Tilgjengelegheit: Dei som har behov for informasjon om barnet for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til pasientjournalen
Integritet:
Helsekortet skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkiv som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teieplikt skjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.