Individuellplan og koordinator

Individuellplan og koordinator

Praksisen med koordinatormapper i Acos Websak vart avslutta og flytta over i Gerica når Gerica vart fullelektronisk 01.01.2021.

Saksbehandling skjer i fagsystema Gerica og Visma flyt Sampro.
Alle brukarar som får tildelt koordinerte tenester i kommunen blir registrert med ei koordinatormappe i Acos WebSak. Desse vart tidlegare ført som Ansvarsgrupper.
Møtereferat og notat frå SamPro må hentast ut og importerast i Koordinatormappe manuelt.
Pasientarkivet er fullelektronisk.

Saksmappe per pasient

Tittel - Koordinatormappe Tittel linje 2 - Fornamn Etternamn.
Arkivdel - PASIENT
Sakstype - PAS
Klassering - Fødselsnummer
Tilgangskode - PA-3

Tilgang til arkivdel

Tilsette som har tenestleg behov for tilgang. Brukarstyrt.

Innhald i arkivdel

Døme på innhald:

  • Melding til koordinerande eining
  • Utnemning av koordinator
  • Møtereferat
  • Avsluttande notat frå koordinator
Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Sensitiv
Lovhjemmel: Off.lova §13 jf forv.lova §13
Tilgjengelegheit: Dei som har behov for informasjon om barnet for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til barnehagemappa
Integritet:
Koordinatormappa, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogeleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom, og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teieplikt skjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.