Pasientarkiv

Pasientarkiv

Saksbehandling skjer i fagsystemet Gerica. All korrespondanse og helseopplysningar kring ein pasient blir ført i pasientjournalen (EPJ-delen) i fagsystemet. Gerica fekk i 2021 etablert godkjend NOARK arkivkjerne og innebygd SvarUT-teneste for sikker digital postutsending. Gerica vil få SvarInn i løpet av 2022.
Vedtak om tvang og makt til Statsforvaltaren blir ekspedert og arkivert i pasientsak i Acos WebSak. Det same gjeld klagesaker.
Pasientarkivet er fullelektronisk.

Tittel - Pasientmappe. Tittel 2 - Fornamn Etternam
Arkivdel - Pasientarkiv
Sakstype - PAS
Klassering - Fødselsnummer 
Tilgangskode - PA-3

Innhald i arkivdel

Klagesaker og tilsynssaker på pasientar skal handsamast i WebSak så lenge Gerica ikkje er fullelektronisk.

I tillegg nyttar kommuneoverlegen denne arkivdelen til si sakshandsaming i saker som gjeld enkeltindivid.

Tilgong til arkivdel

Kommunalsjef velferd og tilsette som jobbar med tildeling har tilgang til alle pasientmappene. Einingsleiarar får tilgang til denne arkivdelen og sine saker etterkvart som dei vert oppretta. Arkivet har også tilgang.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Sensitiv
Lovhjemmel: P - Off.lova §13 jf forv.lova §13
Tilgjengelegheit: Dei som har behov for informasjon om barnet for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til barnehagemappa
Integritet:
Pasientmappa, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teieplikt skjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.