Innsyn

Innsyn

Krav om innsyn vert behandla i Acos WebSak.

Innsynskrav frå avisene i samband med utlegging av postliste vert ikkje journalført, så sant dei ikkje fører til avslag.
Krav om innsyn i konkrete, pågåande saker vert ført i den aktuelle saka.
Krav om innsyn i personopplysningar vert ført i arkivdel INNSYN med ei sak pr innsynskrav.
Samlesak for innsynskrav som er offentlege og gjeld offentlege dokument.

Tittel: Innsynskrav - felles eller
Tittel: Innsyn i <type mappe/sak>
Tittel2: Fornamn Etternamn
Arkivdel: INNSYN - Innsynssaker
Sakstype: INNS
Klassering: SSA-04 
Tilgangskode: UO

Innhald i arkivdel

Innsynskrav med svar.

Tilgang til arkivdel

Dei som handsamar innsynssaker får tilgang til arkivdelen; arkivet, seksjonsleiar og andre.

Dersom arkivdelen eller dokumentasjonen er unnateke offentleg innsyn er det berre den som har fått tildelt innsynskravet og ev. fått tilgang i saka som har tilgang.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Sensitiv
Lovhjemmel: OU - Off.lova §13 jf forv.lova §13
Tilgjengelegheit: Dei som har behov for informasjon om søkjar for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til mappa
Integritet: Mappa, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere muleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teieplikt skjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.