Rutine for saksbehandlar - saksframlegg, vedtaksbrev og vedtakskode

Rutine for saksbehandlar - saksframlegg, vedtaksbrev og vedtakskode

Oppretting av saksframlegg, vedtaksbrev og vedtakskode

Saksframlegg

Ved oppretting av sak til politisk behandling skal må websak+ nyttast (unntaket er dei som nyttar eigedomsflyt).

Saksbehandlar lagar ein ny journalpost, eit saksframlegg. I staden for å legge til mottakar må du her melde opp saksframlegget til politiske utval. Du melder opp til alle utvala saka skal opp i. Når det er oppretta klikkar du på "Åpne oppmelding". Du får då opp tre faner som du skal skrive i "Samandrag" - "Saksopplysningar" - "Tilråding". Du må skrive i alle boksane, Til sist går du til fana "Oppmelding". Husk å melde opp til alle utvala saka skal til. Klikk så på "Avslutt oppmelding".

Sakshandsamar må ha godkjenning frå leiar, her skal godkjenningsprosessen i saksbehandlingssystemet brukast. Saksnummer vert påført når utvalsekretær set opp saklista etter at alle sakene er samla.

Dokument som skal skjermast for offentleg innsyn må ha tilgangskode i saksbehandlingssystemet. Dette gjer at desse dokumenta ikkje kjem ut på innsynsløysinga vår og utvalssekretær vil avgrense kva politikara som får dokumenta i politikarportalen ser (berre dei som skal i møte får lese) Saksframlegget skal vere klart (og godkjent av leiar) seinast klokka ni dagen for utsending.

Melde opp saker til utval

Du melder opp til alle utvala saka skal opp i. Gå til saksframlegge og "Åpne oppmelding". Siste fana heiter "Oppmelding", her melder du til alle utvala. Klikk så på "Avslutt oppmelding".

Fristar for å melde opp saker til utvalsmøte

Sakshandsamar er ansvarleg for å overhalde vedtekne tidsfristar og møteplanar.

Kommunedirektør og/eller kommunalsjef må ha tid til saksgjennomgang: Saker som skal til handsaming i utval må vere kommunedirektør/kommunalsjef i hende slik at han/ho har tilstrekkeleg tid til å sette seg inn i saka og mulegheit til å kome med innspel: 

  • Større prinsipielle saker - lengre tid
  • Ordinære saker - 3 arbeidsdagar
  • Kurante saker - 1 arbeidsdag

Kva som er tilstrekkeleg tid må vurderast slik:

  • Om saka er av prinsipiell, politisk eller av administrativ karakter (krev lengre tid) eller av reint fagleg karakter (kortare tid)
  • Om kommunedirektøren har vore inne i saka tidlegare eller på annan måte vorte informert om problemstilling og saksgang
  • Om innhaldet tidlegare har vore politisk handsama eller på annan måte er ei oppfølging av lovpålagde oppgåver eller i samsvar med pålegg frå politiske organ eller kommunedirektøren

Utvalssekretær sender ut innkalling til utval 7 dagar før møtedato. Utsendinga vert gjort kl. 14:00. 

Vedtak - Mine politiske saker under arbeid

Når saksframlegget er ferdig behandla politisk vil du få melding via korga Mine politiske saker under arbeidet. At saka ligg der betyr at det er gjort eit endeleg politisk vedtak i den.

Då har saksbehandlar ansvar for to ting:

  1. Lage vedtaksbrev – høgreklikk på dokumentet, Behandle og lag vedtaksbrev. Du får no opp eit vindu der du legg inn tittel m.m. Om du vil ha med heile saksgangen husk å huk av for det. Det kjem no opp eit tekstdokument der du kan skrive inn det du måtte ønske. Når du har sendt ut informasjon om vedtaket til dei som skal ha det
  2. Endre vedtakskode. Dobbeltklikk på ikonet S og gå til fana Behandling.
    Her skal du sette vedtakskode:
  • om saka er effektuert,
  • om det er sendt uttale til nokon eller
  • om du ventar på svar på arbeid internt i organisasjonen

Det er viktig at saksbehandlar gjer dette. I systemet kan det takast ut rapportar over vedtakskodene slik at det vert lettare for leiar og politikarar å halde oversikta over kva som er gjort i saka.