Erlend Friestad
«Vi har lagt stor vekt på at budsjettet skal verte realistisk og eigna som styringsverktøy. Men det er stramt. Ubehageleg stramt. Eit driftsår inneheld hundretusenvis av arbeidsoperasjonar og avgjerder. Då vert det krevjande med stramme budsjett og små bufferar.
I denne situasjonen vert kommunedirektøren tvungen til å sette kontroversielle og/eller uønskte saker på dagsorden.»
Dette skriv kommunedirektør Bent Arild Grytten i innleiinga til budsjett- og økonomiplan 2025-2028. Den kan du lese her.
Her kan du lese heile budsjettdokumentet.
Her kan du gå rett til oversikta over budsjettet til dei forskjellige sektorane:
Her kan du lese framlegg til gebyr og betalingssatsar. (PDF, 600 kB)
Sjå presentasjon
19. november kan du sjå presentasjon av budsjettframlegget. Då skal næring- og miljøutvalet og levekårsutvalet ha felles møte. Normalt blir ikkje møta til desse organa strøyma, men vi gjer eit unnatak her sidan, dette er fyrste gang budsjettframlegget blir presentert for dei folkevalde og innbyggarane.
Sendinga vil bli publisert i denne artikkelen og på Facebook-sida til Hareid kommune. Du kan sjå både direkte og i opptak.
Kom med innspel
Både før, under og etter møtet vil du kunne kome med innspel*.
Innspela vil bli publisert fortløpande i denne artikkelen.
Dei vil også bli lagt fram for dei folkevalde som skal vedta budsjettet.
Du kan sende inn innspel på følgande måtar:
Vegen vidare for budsjettet
- Etter handsaming i utval og råd 19. november, skal budsjettet opp i formannskapet 25. november.
- Det er formannskapet som sender budsjett og økonomiplan ut på formell høyring.
- Budsjettet skal etter lova ligge ute til høyring i minst 14 dagar.
- Kommunestyret skal vedta budsjettet i møtet 12. desember.
- Også formannskapsmøtet og kommunestyret vil bli strøyma.
Høyring/innspel
* Den formelle høyringsprosessen startar fyrst når formannskapet har lagt sitt budsjett ut på høyring (25. november). Dette budsjettetforslaget kan avvike frå kommunedirektøren sitt framlegg. Vi vil likevel leggje alle innspel – også dei som kjem inn før formannskapet si handsaming inn i høyringa. Det kan då bli lagt inn høyringsinnspel som ikkje lenger er relevante fordi formannskapet allereie har endra budsjettet. Vi vurderer det til at fordelen med lenger innspel-/høyringsperiode veg opp for denne eventuelle ulempa.