Ordensreglar
for Hareid folkebibliotek
Alle som besøker Hareid folkebibliotek skal oppleve at biblioteket er ein god og trygg stad å vere.
Bidra til at biblioteket er ryddig.
Bruk gjerne utlånsautomatane når du skal låne.
Oppfør deg fint og vis omsyn til andre.
Vape, rusmidlar, mat eller drikke er ikkje tillate i biblioteket.
Personar som er til sjenanse for andre kan visast vekk frå biblioteket.
Brot på ordensreglane kan føre til utestenging og lovbrot fører til melding til politiet.
Ved gjentatte brot på ordensreglane av mindreårige vert føresette kontakta.
................................................................................................................................................
I mai 2021 flytta biblioteket inn i nye, flotte lokaler, i Hareid Helsehus etter å ha vore i Rådhuset på Hareid i snart 30 år.
Du når oss på telefon 70095095 og e-post biblioteket@hareid.kommune.no
Erlend Friestad
Biblioteket er eit ledd i eit større biblioteknettverk som gjer det mogeleg for deg å låne frå andre folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet. Vidare har Hareid folkebibliotek eit interkommunalt biblioteksamarbeid med folkebiblioteka i Ulstein, Herøy og Sande kommunar. Dette tette samarbeidet gjer at du som lånar har eit bibliotek på over 100 000 media å søke i når du leitar etter stoff i vår bibliotekkatalog. To dagar i veka kjem Norsk Bibliotektransport sin budbil innom Hareid folkebibliotek med bøker og andre media som folk på Hareid har bestilt frå andre bibliotek nært og fjernt.
Det har vore bibliotek på Hareid heilt sidan 1833. Den gong heitte biblioteket riktignok bogsamling. Denne var plassert i prestestova og utlånet gjekk føre seg preikesøndagane etter gudstenesta. Til 150-årsjubileet i 1983 skreiv Johan E. Hareide boka "Eit attersyn ved 150-årsminnet", i samarbeid med bibliotekleiar Anne Marie Hareide. Opplysningane i denne vesle historiske oversikta er teke frå den boka.