Fjernlån og Norgeslån

Fjernlån og Norgeslån

Finn du ikkje det du vil låne i vår katalog, har du fleire alternativ:

Fjernlån

Dette inneber at vi låner inn frå andre bibliotek det du er på jakt etter. Kom innom biblioteket, ta kontakt på e-post: biblioteket@hareid.kommune.no for å bestille eller om du har Nasjonalt Lånekort så bestiller du enkelt sjølv. Sjå under på Norgeslån.

Norgeslån

Dette er ei teneste der du sjølv kan bestille materiale frå bibliotek andre stader og velje kva bibliotek du vil hente det på. Du må ha det nasjonale Bibliotekkortet og pinkode for å kunne bruke Norgeslån. Slik gjer du det:

  1. Ved 0 treff ved søk i vår katalog kan du søke hos alle bibliotek i Norge på biblioteksøk. 
  2. Logg deg inn med lånekortnummeret ditt (står bak på lånekortet) og pinkoden/passordet du har. Manglar du pinkode/passord går du til framsida her på heimesida vår og til boksa “Logg inn på Meg & Mitt”.  Trykk på “Glemt PIN-kode eller passord”, så får du nytt tilsendt til e-posten din.
  3. Du søker og når du finn det du vil ha klikkar du på tittelen og deretter på Bestill.
  4. Du vil få beskjed på SMS når det du har bestilt kan hentast på biblioteket.