Lokalhistorie og slektsforsking

Lokalhistorie og slektsforsking

På biblioteket har vi ei eiga avdeling med lokale bøker.

Vi har også nærast komplett innbotne utgåver av Vikebladet, Vestposten og Vikebladet/Vestposten som du kan lese og ta kopiar av på biblioteket. (Du kan ikkje låne med deg desse heim).

Finn di slekt - Arkivverket hjelper deg med å kome i gong med slektsforsking.

MøreRom - Det er mange historielag og sogelag i fylket. Desse gjev ut årsskrifta sine kvart år, som inneheld mangt og mykje frå sogelaget sitt område.
Mange av årsskrifta er analyserte og søkbare i denne basen kalt MøreRom.  Nokre artiklar er tilgjengelege i fulltekst, andre må du tinge frå biblioteket. 
Etter 2016 er dessverre ikkje artiklar frå årsskrifta registrerte i denne basen.