Bilde av Fantorangen
NRK
Seinsommarfest har mykje å tilby for alle og laurdag blir det Barnefestival med mange kjekke aktivitetar. Dagen startar med ei treningsøkt leia av sjølvaste Kjetil Andre Aamodt. Norges mestvinnande alpinist kjem for å motivere store og små til trening.
Denne festivallaurdagen tilbyr vi ei rekkje ulike gratisaktivitetar i parken, og sjansen er stor for å møte på både Bjørnis, Fantorangen og SpareBank1 sine Bruke og Spare maskotar.
Utover dagen vil du få oppleve blålysshow, hoppeslott, felleskunstverk, barnefestivalsongen, klovnar, ansiktsmaling, turn, friidrett, Bjørnis, Fantorangen, Spare og Bruke frå Sparebank1. Hareid sanitetslag serverer gratis vafler, sveler og lokale butikkar spanderer drikke. Dagen blir fylt med klovning og moro både i parken og på scena, og det heile blir avslutta med eit forrykande sceneshow. Takka vere gode støttespelarar kan vi tilby alt dette gratis og vi gleder oss stort til å sjå deg på Hareid.
Hovudscene
11.00 - 11.30 Trening og foredrag med Kjetil Andre Aamodt, slå gjerne av ein prat i parken etterpå.
15.00 - 16.00 Sceneshow med konferansier Torgrim Grimstad. Barnefestivalsong, Bjørnis, Fantorangen mm.
Parken
11.30 - 15.00 Hoppeslott, ansiktsmaling, kunst, ballongfigurar, klovning, bumper balls. Møt Bruke og Spare. Turn på airtack. Friidrett med superheltar. Mat og drikke.
Kjøpmannsgata/Loket
11.30 - 15.00 Blålys show.
BJØRNIS
11.30 - 12.00 Møt Bjørnis ved blålysa i Kjøpmannsgata/Loket
13.00 - 13.30 Møt Bjørnis ved blålysa i Kjøpmannsgata/Loket
15.00 Bjørnis på hovudscena
FANTORANGEN
12.00 - 12.30 Møt Fantorangen i parken
13.30 - 14.00 Møt Fantorangen i parken
15.00 Fantorangen på hovudscena
Bilde av maskotane Spare og Bruke
Sparebank1
Bilde av Klovnen Klumse
Promobilde