Fritidsaktivitetar

Fritidsaktivitetar

Er du glad i kultur, natur og idrett, er Hareid rette staden for deg.

Hjørungavåg brass på Overåsanden - Klikk for stort bileteHjørungavåg brass er eitt av korpsa i kommunen. Erlend Friestad

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.

Vi har eit rikt og levande kulturliv, der musikk står sentralt. Kora og korpsa er mange, og du finn noko for ein kvar smak, alder og ambisjon. Har du lyst å spele i band, er det moglegheiter for å få seg bandrom.

Musikk- og kulturskulen (som er open for alle) tilbyr timar i diverse tangentar, gitar/bassgitar, song, blåseinstrument, slagverk, stryk og dans.

Idrettslaga våre femnar mange idrettar, nivå og aldersgrupper. Vi kan nemne fotball, turn, friidrett, trimgrupper, riding og golf - både med kølle og fotball. Det er også fleire grupper som møtast fast for å leike/trene/spele uorganisert, til dømes fotball, volleyball og andre treningsformer.

Elles kan vi nemne kunstlag, mållag, heilårsbadeklubb, mekkegjengar, husflidlag, speidar, tensing, kyrkjelydsaktivitetar – og mykje meir. Og dersom du ikkje finn noko som passar deg, så kan du kanskje starte opp noko du liker å halde på med sjølv?