Natur i Hareid kommune

Natur i Hareid kommune

Det er ikkje til å stikke under stol at vi elskar naturen rundt oss. 

Mann på Melshornet - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.

Sjølv om dei ikkje er blant dei høgaste, vil vi påstå at fjelltoppane skårar høgt på utsikt likevel. Det er noko med det å stå 600 meter over havet når du berre er 600 meter frå havet. I tillegg er det kort veg frå dørstokka til stistart, så turen startar gjerne idet du tek på deg skoa.

Skulle det likevel blir for knapt med høgdemeter på øya, er det berre 45 minutt med bil til Volda/Ørsta og tindane i Sunnmørsalpane.

Gapahuken ved kaldholdemninga. - Klikk for stort bileteGapahuken som ligg inst på Rotarystien, ved Kaldholdemninga. Erlend Friestad

Dersom du ikkje liker motbakke, er det mange moglegheiter der også. Sentralt i Hareid ligg Rotarystien, ein gruslagt tursti frå sjøen og inn gjennom dalen. Stien, som er om lag 4 kilometer, blir flittig brukt av trimgrupper, turfolk, barnehage og skuleelevar. Langs stien er det fleire trimapparat og leikeplassar. Ved enden av Grimstadvatnet og ved Kaldholdemninga er det gapahuk med grillmoglegheiter.

Grimstadvatnet er forresten naturreservat og eit reisemål for fugleentusiastar. Her kan du sjå kva artsobservasjonar som er gjort i området.

På seinsommar og haust, bugnar naturen over av bær og sopp, så her kan du drive kortreist matauk. Det er også mange som jaktar på øya, både fugl, hare og hjort.

Kortreist campingliv er det også mange som driv med. Det er fleire flotte teltplassar i kommunen, vi kan nemne Nessetelva, Kvitneset og Leirvågen. Mange tek også med seg telt på fjellet.

Til slutt så må vi jo ikkje gløyme Overåsanden. Det er den finaste strande på heile Sunnmøre – meiner vi. Ingenting slå ein skikkeleg sommardag her med bading, sandslottbygging, krabbefangst eller berre avslapping. Stranda er også fin elles i året som turmål.

Overåsanden - Klikk for stort bileteOveråsanden Erlend Friestad