Utsiktstomter med kort veg til alt

Utsiktstomter med kort veg til alt

Plassane byggefelt ligg sentralt i Hareid sentrum, med kort veg til alt masse servicetilbod.

Bilete med tomtekarte lagt over - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.

Totalt skal vi selje 41 einebustadtomtar. I tillegg vil det vere fire område for konsentrerte bustadar, som firemannsbustadar og liknande. Alle tomtene er sjølvbyggartomtar. De fire tomtene som ikkje er for einebustadar, kan vere interessante for utbyggarar.

Infrastrukturen skal vere ferdig til juni 2025.

På feltet vil det vere til saman fem leikeplassar.

Det er kort veg til Hareid sentrum, skule, barnehage og fritidsaktivitetar.