Treng du jobb?

Treng du jobb?

Frå Hareid har du tilgang til ein arbeidsmarknad som spenner over 8-10 kommunar og mange hundre ledige stillingar til ei kvar tid

Dronefoto av Raffelneset - Klikk for stort bileteHareid har fleire bedrifter som leverer til den maritime næringa, men vi har også mange arbeid i serviceyrke eller i offentleg sektor. Erlend Friestad

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.

Hareid kommune

Største arbeidsgivar i kommunen er Hareid kommune sjølv. Vi har om lag 500 tilsette, og server innbyggarane i alle livsfasar og -situasjonar. Her kan du sjå kva stillingar som ligg ute til ein kvar tid. Men det er ofte behov for vikarar, særleg innan oppvekst og helse. Ta derfor kontakt med den enkelte sektor eller institusjon om du har lyst å jobbe her.

 

Resten av kommunen

Nav si nettside «Arbeidsplassen» hentar dei fleste utlyste stillingar.

Her får du alle stillingane innanfor Hareid kommune sine grenser.

Det er også slik at mange verksemder ikkje alltid lyser ut ledige stillingar, eller tilsett gode folk som kjem deira veg, så vi rår deg også til å ta kontakt direkte om du har arbeidsgivarar du er interessert å jobbe for.

  

Ledige stillingar i nabolaget

Hareid kommune ligg sentralt på Sunnmøre, og sett du ein pendlarradius på 45 minutt, så kjem du deg til kommunesentra i heile sju kommunar. Under har vi samla lenker til Nav sitt ledig-stilling-oversikt frå kvar kommune. Talet i parentes er reisetid til kommunesenteret frå Hareid sentrum.

 

Ta med jobben heim?

Det er stadig vanlegare å arbeide for ein arbeidsgivar som held til ein annan stad i landet. Dersom du ikkje ønsker å sitje åleine på heimekontor, kan du sjå etter mogleg for å leige kontor saman med andre. Det nyaste tilskotet til dette, er Millennium Co-work. Dei held på å byggje opp eit moderne kontorfellesskap rett ved hurtigbåtkaia i sentrum.