Kven kan få tilskot?
Tilskot til bustader kan gjevast til:
- økonomisk vanskelegstillte
- eldre slik at dei kan forsette å bo heime
- personar med ulike funksjonshemmingar
- flyktningar
Tilskot til etablering i eigen bustad
Personar som ikkje klarer å betene eit startlån som er stort nok til å finansiere ein eigna bustad, kan få tilskot til etablering.
Tilskot til tilpassing av bustad
Har du behov for å tilpasse bustaden din? Da kan du søke om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar.
Tilskot til refinansiering av lånegjeld
Om du på grunn av betalingsproblem har vanskar med å behalde bustaden, kan kommunen gi deg økonomisk rettleiing og stønad til refinansiering av bustadgjeld.
Tilskot til utredning og prosjektering
Har du eller andre i husstanden nedsett funksjonsevne, kan du søke om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp utført for eksempel av arkitekt.
Informasjon om bustadtilskot på Husbanken sine sider.
Korleis får du tenesta?
Bustadtislkotet skal gå til økonmisk vanskelegsstilte som bl.a.:
- ikkje sjølv har økonomi til å gjere enkle utbetringar i bustaden for vidare å kunne bu der
- funksjonshemma som må tilrettelegge bustaden for vidare å kunne bu der
- nybygging der ein må tilrettelegge ein del grunna funksjonhemming
Dersom søkjar har oppsparte midlar (formue) skal dette nyttast, enten i si heilheit eller saman med bustadtilskotet, for å utføre tilrettelegginga i bustaden.
Søknadskjema - bustadtilskot
Kva kan du forvente?
Søknadar opptil kr. 40 000 vert handsama administrativt. Søknadar over kr. 40 000 vert handsama i Levekårsutvalet.
Klage
Klagefristen er 3 veker. Klagen skal stilast til Hareid kommune og må innehalde grunngjeving for klage og ev. nye opplysningar.
Lover og retningsliner
Informasjon på Husbanken sine sider