Byggesaksarkiv

Byggesaksarkiv

Ønsker du å sjå kva kommunen har lagra i sine arkiv om eigedomen din?

Bygge- og eigedomssaker:

Saker og dokument etter 01.05.2019 kan du sjølv søke opp om det er noko registrert på din eigedom via denne lenka: Søk etter saker (hareid.kommune.no)

Legg inn gards- og bruksnummer nedst i skjermen.

For eldre saker:

For eldre saker har kommunen gjort eit arbeid med å digitalisere det gamle byggesaksarkivet og lagt til rette for at du kan bestille innsyn til desse gjennom vårt e-Torg: https://e-torg.no/sunnmorskart/forside

 

Vi har fleire produkt du kan bestille på vårt e-Torg.

Bygningsteikningar (kr 699)

Ferdigattest/mellombels bruksløyve (kr 554)

Seksjoneringsløyve (kr 554)

 

Merk! Dersom det for eitt av desse produkta ikkje er data i vårt arkiv vil du likevel måtte betale for ordren, då vi tek betalt for arbeidet med å leite.

Planstatus:

Dersom du ønske å sjå kva planar som gjeld for din eigedom kan du sjølv søke i vårt digitale planregister: https://www.arealplaner.no/hareid1517/arealplaner/search

 Søk på adresse eller gards- og bruksnummer og du får opp kva planar som gjeld for eigedomen. 
Du får også opp om der eventuelt er planar under arbeid i området.

 Her vil du også finne gjeldande føresegn (bestemmelser) for eigedomen, kva endringar som har vore på plan og eventuelle dispensasjonar som er handsama.

 

Sunnmørskart (kommunekart.com) kan du søke i kart etter reguleringsplanar og kommuneplanar