Bruksendring

Bruksendring

Har du planar om å endre bruken av eit rom? Eller bruken av eit bygg? 

Varig eller tidsbestemt bruksendring er søknadspliktig dersom bygget eller rommet tas i bruk til eller blir tilrettelagt for annan bruk enn det som tidlegare er godkjent. Rettleiar for bruksendring. 
Departementet har uttalt at terskelen for at kommunen skal kunne krevje innsendt søknad om bruksendring er særs låg. 

Ønsker du å endra frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt, eller tar i bruk bygget til noko anna enn det som det er gitt løyve for må du som hovudregel søke kommunen om bruksendring. 

Hovuddel: rom du bruker til å bu og opphalde deg i, 
                 stue, kjøkken, soverom, bad, vindfang, entre og gang. 
Tilleggsdel: Andre deler av bustaden som ikkje er egna til opphaldsrom, 
                 bod, oppbevaring, garasje ol. 
Endre bruken av eit bygg: f.eks om du ynskjer å bruke eit næringsbygg til bustad
Endre bruken av eit rom: f.eks om du ønsker å gjøre kontoret om til soverom.

Det er byggeløyvet for eksisterande bygg med eventuelle vilkår 
som fortel kva den lovlege bruken av bygget eller romma er. 
For å finne ut kva godkjent bruk ditt bygg eller rom har – må du gå inn på byggesaksarkivet og sjekke korleis du kan få tak i dokumentasjon knytt til ditt bygg.

Viktig informasjon kring bruksendring: 
•    Det er viktig å merke seg at ny bruk utløyser nye tekniske krav (TEK17).
•    Det er også viktig å mekre seg at du kan utløyse nye krav då arealplanar er førande for nye tiltak. 
      Dette kan for eksempel krav om meir parkering, uteareal ol. 
      o  Klarer du ikkje oppfylle krava må du søke dispensasjon. 

Kan eg søke sjølv?

Du kan søke sjølv 
•    når bruken av rommet kan endrast utan at du må gjere større arbeid, som å endre berande konstruksjonar
•    Og du heller ikkje utløyse krav om søknadspliktig oppdeling av bueining. 
Når du ikkje kan søke sjølv må du bruke ansvarleg føretak som søker og bygger for deg. 
(evt. erklære seg som sjølvbyggar på eigen bustad eller fritidsbustad) 
 

Kva ansvar har eg når eg søker?

Når du søker sjølv er du ansvarleg for at alle byggereglar vert følgt, og du har sjølv ansvaret for å dokumentere dette. Kommunen sjekka ikkje om du følger byggereglane når du sender inn søknad, men kan kome på tilsyn etter at byggeløyve er gitt. Du må da kunne dokumentere at alle reglar er følgt. 
 

Om du ikkje ønsker å ha ansvaret sjølv, kan du nytte eit ansvarleg føretak for søknad og bygging. 
 

Korleis søker eg?

•    Søknad digitalt
•    Skjema på papir (sendes til postmottak@hareid.kommune.no eller lever skjemaet fysisk på rådhuset ved servicetorget. 
NB! Det er krav om at søknad etter plan- og bygningsloven §20-3 skal sendast digitalt. 

Må eg nabovarsle?

Dersom du berre gjer innvendig endringar/arbeid treng du ikkje varsle naboen. 
Dersom du gjer endringar på fasaden eller ytre arbeid som kan påverke naboen må du varsle før du søker. 
Sjå her for rettleiing: Send nabovarsel - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no) 
Nabovarslet må vere påplass før du søker kommunen. 
 

Gebyr?

Sakshanshandsamingsgebyr vert gjeve i tråd med gjeldande gebyrregulativ. 

Kva om eg ikkje klarer å oppfylle tekniske krav (TEK17)?

For alle nye tiltak er det krav om å følge TEK17. 
Dersom det er nokon av krava du har vanskeleg med å oppfylle kan du søke kommunen om fritak frå krava. 
Det er då viktig at du spesifiserer kva krav du ikkje klarer å oppfylle.


Du kan ikkje rekne med å få fritak frå krav som går på helse og sikkerheit, som for eksempel krav til rømmingsvegar. 
 

Ønsker du å gjere endringar i eit bygg som er søkt om før 01.07.2011?

Då kan det vere enklare å gjere om bod, loft og kjellar (tilleggsdel) til opphaldsrom (hovuddel).
Nokon av dei tekniske krava (i TEK17) er redusert på for endring av bygg før 01.juli 2011. 
Les meir her.

For å nytte seg av lempinga av dei tekniske krava må:
•    Bustaden vere byggesøkt før 01. juli 2011
•    Rommet du vil endre må ligge inntil eit anna opphaldsrom 
      (rommet må dele vegg, tak eller golv). 
Du må likevel søke kommunen om løyve til å endre bruken av rommet

Kva krav er redusert?

Det er godt nok om du har 
•    Takhøgde ned til 2 meter
•    Nok med eit vindu i kvart rom (må oppfylle krav til rømningsvindaug)
•    Ikkje krav til utsyn frå vindauget 
•    Du bestem sjølv kor mykje bod areal du vil ha
•    Rommet må vere isolert, men du bestem sjølv kor mykje isolasjon rommet treng. 
•    Rommet kan lufte med ventil og vindu dersom uteluften er god nok
•    Ikkje krav om at rommet skal vere tilgjengeleg for rullestolbrukarar eller andre med nedsett funksjonsevne
•    Ikkje krav til radonsperre og radonbrønn. 
     Dersom du får for mykje radon i rommet kan du løyse dette med andre egna tiltak. 
 

Kva tekniske krav gjeld uansett

•    Krav om branntryggleik
•    Krav om at berande konstruksjonar må vere sikre (særskilt på loft) 
•    Krav om at du må bygge så det ikkje blir fukt, mugg og råte i rommet (særskilt i kjellar)
•    Krav om at rommet må vere godt nok isolert og ventilert slik at det er eit behageleg inneklima utan støy. 
     Anbefalt at opphaldsrom kan holde temperatur på minst 19 grader i løpet av vinteren.