Hugs å søke om ferdigattest

Hugs å søke om ferdigattest

Alle søknadspliktige tiltak skal som hovudregel avsluttast med søknad om ferdigattest. 

Når eit bygg, kontruksjon eller anlegg er ferdig, må du søke kommunen om ferdigattest. 

Først når ferdigattest er godkjent, har du lov å ta i bruk bygget. 
(bruk av bygg utan ferdigattest eller mellombels bruksløyve er ulovleg) 
Ferdigattest markera den formelle avsluttinga på ein byggesak og skal vise at arbeidet er utført i tråd med gitt løyve og gjeldande regelverk. 

sjå her for meir informasjon: 
Steg 8: Skaffe ferdigattest - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

Søknad utan ansvarsrett: tiltakshavar kan sjølv søke om ferdigattest.
 Søknad om ferdigattest (skjema nr. 5167)

Søknad med ansvarsrett: ansvarleg søkar eller sjølvbyggar må sende søknad om ferdigattest digitalt. 
Ved tiltak med krav om ansvarleg føretak (inkl. sjølvbyggar ansvar) må følgande leggast ved søknaden:
-    Sluttrapport for avfall (berre aktuelt med einskilde typar tiltak, jf. TEK17 §9-6
-    Miljøsaneringsplan (berre aktuelt for einskilde type tiltak, jf. TEK17 §9-7
-    Gjennomføringsplan 

NB! ferdigattest kan ikkje utstedes for tiltak som er søkt om før 01. januar 1998. 

Gebyr?
Ferdigattesten vert dekt av den summen du betalte då du leverte byggesøknaden. 

Kva gjer eg dersom ansvarleg føretak har gått konkurs eller eg ønsker eit nytt føretak?

Dersom eit eller fleire føretak har gått konkurs før det blei søkt om ferdigattest, må nytt føretak erklære ansvar når det skal ta over. 
*Grensesnittet mellom tidlegare og nytt føretak må beskrives, slik at det går klart fram kor det nye føretaket overtar ansvar. 
Revidert gjennomføringsplan må sendast inn. 

Tiltakshavar har ansvar for at nytt ansvarleg føretak overtek ansvarsrettane i byggesaken. 

Ved ønske om skifte av ansvarlig foretak skal det sendes inn følgende blanketter:

  •  Melding om endring av ansvarsrett, blankett 5186
  • Opphør av ansvarsrett før ansvarsområdet er ferdigstilt, blankett 5183
  • Erklæring om ansvarsrett, blankett 5181
  • Revidert Gjennomføringsplan, blankett 5185
  • Ved bruk av blankettene vil både det avtroppende og påtroppende foretaket tydeliggjøre grensesnittet i ansvarsforholdet til hverandre.

I revidert gjennomføringsplan skal avtroppende foretak fortsatt stå oppført, dato for avlevert samsvarserklæring/kontrollerklæring skal påføres og man skal krysse av for at arbeidet innen ansvarsområdet er avsluttet.

Tiltak søkt om etter 01.07.2010

Hovedregel: det skal søkast om ferdigattest for alle søknadspliktige tiltak, jf. pbl. §21-10 og SAK10 §8-1. 

Unntak: 
a) oppretting av ny eigedom, festegrunn eller arealoverføring
b) mellombelse bygningar, konstruksjonar eller anlegg som ikkje er til varig opphald
c) skilt- og reklameinnretningar det løyve er gitt for eit bestemt tidsrom
 

I søknad om ferdigattest skal det ligge føre naudsynt sluttdokumentasjon. 

Tiltak søkt om etter 01.01.1998 og før 30.06.2010
  1. Der mellombels bruksløyve ligg føre
    Komunen skal utstede ferdigattest på nærare angitte vilkår for tiltak der søknad om byggeløyve vart sendt til kommunen i perioda fra og med 01.01.1998 til og med 30.06.2010, når tiltaket har mellombels bruksløyve, jf. SAK10 §8-1 5. ledd. 
    * Det er her som regel kun mindre manglar. Kor foretak framleis eksisterer skal desse avgi erklæring. 
    * I tilfeller kor foretak ikkje eksisterer vil det ofte vere tilstrekkeleg at eigar/tiltakshavar erklærer at manglane er retta og at tiltaket er utført i samsvar med løyve og gjeldande regelverk. 
  2. Der mellombels bruksløyve manglar
    I desse tilfella vil det ligge føre byggeløyve og igangsettingsløyve, slik at også ansvarleg føretak er godkjent. Tiltaket er seinare teke uloveleg i bruk utan mellombels bruksløyve. 
         i. Det kan søkast om ferdigattest vedlagt kontrollerklæringar frå føretaka som hadde ansvarsrett for utføringa og kontroll på utføringa.
        ii. For einebustadar og mindre søknadspliktige tiltak må eit nytt ansvarleg føretak søke om ferdigattest. Har tiltakshavar naudsynte kvalifikasjonar, kan du sjølv søke om å bli godkjent som sjølvbyggar. 
    - Søknad om ferdigattest skal klargjere:
         * Kor vidt bygget stemmer med tidlegare gitt løyve, vise til at godkjente teikningar er følgt. 
           Er det gjort søknadspliktige endringar, må endringane søkast om etter gjeldande reglar. 
        * Avklare om det ligg føre det forhold/avvik frå teknisk krav som gjaldt då tiltaket blei godkjent som har betydning for liv og helse. I så tilfelle er det ikkje moglegheit til å gi ferdigattest før det er retta opp i. 
  3. Ei rammeløyve fell bort etter 3 år
    Er det ikkje gitt igangsettingsløyve, må det søkat om tiltaket på nytt etter dagens regelverk.
  4. Meldingssaker (fram til juni 2010)
    Ein del mindre tiltak som f.eks garasjer, uthus og mindre tilbygg blei handsama som meldingssaker (§86a - tiltak i 1985-lova). I desse sakene skulle det ikkje gis mellombels bruksløyve eller ferdigattest. 
     
Tiltak søkt om før 01.01.1998

For disse tiltakene vil det ligge føre byggeløyve og igangsettingsløyve, slik at også ansvarleg føretak er godkjent. 

  1. Ferdigattest skal ikkje utstedast 
    - Plan- og bygningsloven bestemmer at ferdigattest ikkje skal gis for tiltak som er søkt om før 1. januar 1998, jf. §21-10 5.ledd 
    - Tiltaket vil lovleg kunne brukes utan ferdigattest, dersom kommunen har gitt mellombels bruksløyve.
    - Søknad om ferdigattest i slike saker, skal avvisast i eige vedtak. 
  2. Der mellombels bruksløyve manglar (tiltaket er tatt ulovleg i bruk)
    - Tiltaket er teke ulovleg i bruk utan mellombels bruksløyve. Det kan søkast om mellombels bruksløyve, dersom det ligg føre byggeløyve (approbasjon) og løyve til å sette i gang byggearbeida. Kommunen har ikkje adgang til å gi ferdigattest i desse tilfella. 
    - For einebustadar og mindre søknadspliktige tiltak kan føretak med tilstrekkeleg relevant fagkunnskap (tilsvarande ansvarsrett), søke om mellombels bruksløyve. Dersom tiltakshavar har naudsynte kvalifikasjonar, kan du sjølv søke om sjølvbyggar. 
        Med søknaden skal det leggast fram ein fagkyndig redegjerelse, som skal klargjere:
          i. Kor vidt bygget stemmer med det tidlegare gitte løyvet, også sjekke at godkjente teikningar er følgt. Er det gjort søknadspliktige endringar, må endringane søkast om etter gjeldande reglar. 
         ii. Avklare om det ligg føre forhold/avvik frå tekniske krav som gjaldt då tiltaket vart godkjent som har betydning for liv og helse. I så tilfelle er det ikkje adgang til å gi mellombels bruksløyve før det er retta opp i. 

Med heimel i pbl. §34-4 4.ledd siste punktum, gis mellombels bruksløyve i medhald av pbl. 1985 §99 nr. 2. 

   3. Meldingssaker
       For mindre tiltak f.eks garasjer, uthus og mindre tilbygg blei handsama som meldingssaker (§86a -tiltak). I desse sakene var/er det ikkje krav om mellombels bruksløyve eller ferdigattest.  

 

Må du søke om endring?

Om du har gjort mindre endringar i høve til byggjeløyve som du fekk og desse er så små at dei ikkje er søknadspliktige, må du likevel senda inn dokumentasjon som viser endringane du har gjort.

Dersom du har gjort så store endringar at dei ikkje er unnateke søknadsplikt, må du søkja om ei endring av løyve du hadde før du kan søkja ferdigattest eller bruksløyve.

"Søknad om endring av gitt løyve".