Bygge, endre eller rive utan å søke

Bygge, endre eller rive utan å søke

I utgangspunktet er all oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging eller plassering av bygning, konstruksjon og anlegg søknadspliktig. Dette gjeld også oppretting av ny eigedom og arealoverføring.

Plan- og bygningslova opna likevel for at ein rekke mindre tiltak kan bli oppført utan at det er naudsynt med søknad og løyve. Desse tiltaka krev heller ikkje ansvarleg føretak.

Unntak frå søknadsplikt er regulert i plan- og bygningslova §20-5 og §20-6, og nærare utdjupa i SAK10 kap. 4.

Eksempler på kva som kan vere fritatt for søknadsplikt
  • Frittliggande garasje på bebygd eigedom under 50 m2 frå nabogrensa (ikkje til bebuelse)
  • Tilbygg under 15m2 som vert bygd 4m frå nabogrensa (eller anna byggegrense i reguleringsplan). Må vere understøtta.
  • Terrasser med høgde på inntil 1m, som er forbundet med bygning som ikkje stikk lenger ut frå bygget enn 4m. Minst 1m frå nabogrensa.
  • Fasadeendring som ikkje endrar byggets karakter.
  • Levegg inntil 1,8m høg og 10m lang. Må vere 1m frå nabogrensa
  • Levegg inntil 1,8m høg 5m lang. Kan plasserast inntil nabogrensa.
  • Forstøttingsmur inntil 1m høg og minst 1m avstand til nabogrensa
  • Forstøttingsmur inntil 1,5m høg og minst 4m avstand til nabogrensa
  • Mindre fylling eller planering av terreng 3m i spedbygde strøk og 1,5m i tettbygde strøk.
  • Intern veg og biloppstillingsplass på eigen eigedom, som ikkje krever vesentleg terrenginngrep. 
    Må vere minst 1m frå nabogrensa.

o    Gjeld ikkje landbruksmaskiner på landbrukseigedom.

 

Sjå byggesaksforskrifta §4-1 for meir informasjon og rettleiing. 

Det er viktig å merke seg at unntaket frå søknadsplikt berre gjeld når: 
  ✅  Tiltaket er i tråd med gjeldande plan for eigedomen 
         - (utnyttingsgrad, byggegrense, høgde, arealformål, ol.) 
         -Er eigedomen din i kommuneplanen sett av til LNFR-område må du som regel søke 
         dispensasjon for tiltak som ikkje inngår som drift av garden. 
Planstatus for din eigedom finn i vårt digitale planregister: arealplaner.no 
  ✅   Tiltaket er i tråd med bestemmelser gitt i plan- og bygningslova, som blant anna
          - Avstand til nabogrense, jf. pbl. §29-4
          - Byggeforbod i 100m beltet, jf. pbl. §1-8. 
  ✅  Tiltaket er i tråd med bestemmelser i anna lovverk, som blant anna 
          - Jordlova (omdisponering av dyrka mark) 
          - Veglova
          - Naturmangfaldlova
          - Kulturminnelova mm
  ✅  Dei privatrettslege tilhøva må vere til stades 
         (du må ha samtykke for bruk av annan manns grunn)
 

Er ikkje tiltaket i tråd relevant lovverk eller arealplan? 
Då må du søke dispensasjon sjølv om tiltaket er friteke søknadsplikt. 
Meir om korleis søke dispensasjon finn du på eiga side, trykk her. 
Får du innvilga dispensasjon kan du utføre byggearbeidet som er friteke søknadsplikt. 

Bruk av fleire unntak? 
Fleire mindre tiltak som utgjer ein større heilskap må sjåast samla og kan vere søknadspliktige. 
Er du usikker – resever ein time med ein byggesakshandsamar for rettleiing om søknadsplikt. 

Rive? 
Dersom det er lov å bygge utan å søke, kan du også rive utan å søke.
Meir informasjon om riving finn du ved å trykke her 

Tilsyn: 
Kommunen kan føre tilsyn med tiltak unntatt søknadsplikt på lik linje med søknadspliktige tiltak. Ulovlege tiltak kan kreves fjernet med heimel i plan- og bygningslova §32-3. I tillegg kan det ileggas overtredingsgebyr.  

Husk å meld frå når tiltaket er ferdig 
Det er også viktig å merke seg at sjølv om tiltaket ikkje er søknadspliktig må du melde i frå til kommunen når bygget/tiltaket er ferdig eller revet. 
 Skjem "Melding om ferdig bygg" 

✅ Legg ved oppdatert situasjonsplan som syner tiltaket. og dens plassering. Må vere målsett og datert. 
      For bygg: hugs møne og gesimshøgde. 
✅ Ved riving skal tiltaket som er revet krysses ut på situasjonsplanen 
✅ Relevante teikningar og annan dokumentasjon om tiltakets storleik og plassering. 
Situasjonsplan kan du lage sjølv i Sunnmørskart (kommunekart.com)