Korleis byggesøke?

Korleis byggesøke?

 

1. FINN UT OM DU MÅ SØKE 
I dei fleste tilfeller må du ha løyve frå kommunen for å bygge, rive eller endre på eit bygg, ein konstruksjon eller eit anlegg. 
Men nokre mindre byggearbeid kan du sleppe å søke om, sjå meir her. 

Rettleiar for om du må søke
Rettleiar for søknadsprosess (åtte steg)

* Sjå Åtte steg fra idé til ferdig søknad (dibk.no) - rettleiing om søknadsprosess. 

Førehandskonferanse?

Avklaringsmøte som vert heldt før ein eventuell søknad sendes inn til kommunen. Føremålet med møtet er å avklare og diskutere føresetnadane for det aktuelle tiltaket og krav til plangrunnlag, infrastruktur, lovverk og saksgang for søknaden.

Sjå eiga side for meir informasjon Førehandskonferanse - Hareid kommune 

 

2.  SJEKK KVA SOM ER TILLATE PÅ DIN EIGEDOM 
Før du bygger må du finne ut kva, kor og kor mykje du har lov til å bygge på eigedommen din. Du har sjølv ansvar for å sjekke at det du skal bygge ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. 
Dersom du ikkje bygger i tråd med plan og gjeldande lovverk må du søke dispensasjon. 

Sjå digitalt planregister (høgde, utnyttingsgrad, byggegrense ol)

For å finne ut kva reglar som gjeld for din eigedom må du finne gjeldande plan: 
*  Sjå arealplaner.no (søk på din eigedom - og få opp relevant plan). 
 

Har eigedomen din reguleringsplan? eller gjeld kommuneplanens arealdel? 
I Hareid kommune går stort sett alle reguleringsplanar foran kommuneplanens arealdel (nokre unntak)
Unntak:
9790001 Alvestad kai - Sveneset
19830002 Risneset Industriområde
19730001 Bigset Vest
20060003 Hareid sentrum
Har din eigedom reguleringsplan - (og det ikkje er ein av dei over) gjeld planen foran kommuneplanen, og du kan sjå dokumentet “føresegn” for kva reglar som gjeld for din eigedom. 

Viktige ting å sjekke ut:
* Høgde (kor høgt kan du bygge?)
* Utnyttingsgrad (kor mykje kan du bygge?) Sjå korleis du reknar du her. 
* Byggelinje (kor nært veg eller anna formål kan du bygge?)
* Rekkefølgekrav (krav til rekkefølga på utbygginga) 
* Visuelle kvaliteter (korleis skal tiltaket sjå ut i høve annan bebyggelse i området)
* Parkeringskrav (garasje? carport?) 
* mm. 

 

Sjå om du er i tråd med plan- og bygningslova

Sjå plan- og bygningsloven - Lovdata
Her er særskilt fjerde del: byggesaksdelen (§§20-1 til 31-14) relevant. 

Dersom reguleringsplan eller kommuneplan seier noko om høgde, byggegrense, byggelinje ol. er det plan- og bygningslova som gir generelle regler for utbygging. 

§28-1: trygg byggegrunn, sjå eiga side. 
§29-2: visuelle kvaliteter
§29-4: byggverkets plassering, høgde og avstand frå nabogrensa 
Dette er dei vanlegaste bestemmelsane, der er lagt fleire i lova. 

I tillegg er §1-8 forbod mot tiltak mv. langs sjø og vassdrag viktig. I kommunen vår er det få planer som angir byggegrense mot sjø og vassdrag, og ein må som regel søke dispensasjon når ein skal bygge innanfor 100m frå sjøen. 

 

Ikkje byggegrense mot offentleg veg?

Er det ikkje regulert inn byggegrense i reguleringsplanen mot offentle veg, vurderes veglovas bestemmelser om byggegrense på planens vedtakstidspunkt som inkorporert i planen, jf. tolkningsuttale frå Kommunal- og distriktsdepartementet datert 14.04.2016. 

Historiske byggegrenser finn du her. 

NB! I regulerte områder er kommunen vedtaksmynde etter plan- og bygningslova og vegeigar vil vere høyringspart i dispensasjonssaker. Søknad skal difor sendes til Hareid kommune. 

Eg ynskjer å bygge i strid med gjeldande plan og lovverk (DISPENSASJON)

Då må du søke dispensasjon. Sjå meir her. 

 

  • Du må sende ein grunngjeven søknad (ingen formkrav; kan skrivast for hand eller digitalt og sendast i brev, epost pdf ol. ingen skjema)
    • Søknaden skal opplyse om kva ein søke dispensasjon frå og grunngje kvifor søkjar meina at kommunen skal gje dispensasjon. 
      • innehalde gode faglege argument for det som det skal dispenserast frå
    • Må også vise til ei vurdering av trygg byggegrunn, jf. pbl. §28-1. 
  • Du må legge ved detaljerte teikningar/illustrasjonar (snitt, plan- og situasjonskart). 
    Terrengendringar må visast på situasjonsplanen. 
    • Alle vedlegg skal vere datert, signert og i målsett eller i målestokk med tilhøyrande teiknforklaring.

Søknad om dispensasjon må nabovarslast
          i.    Bestill naboliste frå e-torg.no(ekstern lenke). 
     eller
         ii.    Bruk skjema for nabovarsel (dibk) (du kan varsle digitalt eller fysisk)

Frist for nabovarselet er 14 dagar. Du må då vente i to veker frå du varsla naboar til du sender inn byggesøknaden til oss. Unntaket er dersom naboar har gjeve skriftleg samtykke til tiltaket kan du sende søknaden med ein gong.
Les direktoratet si rettleiing for nabovarsel

 

3.  SØKNAD 
Nokre mindre tiltak kan du søke om sjøl (tiltak utan ansvarsrett), andre må du ha eit ansvarleg føretak til å søke for deg (tiltak med ansvarsrett). 

Kva skjema skal nyttast? 
Det finst mange ulike skjemaet for ulike typar tiltak: 

  1. For tiltak utan ansvarsrett kan du velje mellom å sende inn digital søknad via Norkart eller finne relevant skjema på dibk.no, fylle ut søknaden og sende den til postmottak@hareid.kommune.no eller Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.
    Alternativt kan du møte opp på rådhuset ved servicetorget og levere søknaden.
  2. Digital søknad for ansvarleg søkar / sjølvbyggar 
Søke sjølv? (kva tiltak, jf. pbl. §20-4)

Reglane for søknad utan ansvarsrett følger av byggesaksforskrifta SAK10 § 3-1, jf. plan- og bygningslova §20-4. 

Kva ansvar har du
Du som tiltakshavar pliktar å sette deg inn i aktuelt lovverk, planar, planføremål, føresegner, kart ol. for den eigedomen tiltaket skal utførast på.
Du har også ansvar for å sjå til om det er leidningar eller andre røyr i grunnen der du skal bygge.  Dette er for å ikkje gjere skade på dei, og hindre tilgangen ved framtidig reparasjon og vedlikehald.

Dette er typisk:
* et enkelt tilbygg hvor verken samlet bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 50 m2 . Tilbygget kan i tillegg være underbygget med kjeller. 
* En enkelt frittliggende bygning som ikke skal brukes til beboelse, og hvor verken samlet bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 70 m2 . Bygningen kan oppføres i inntil én etasje og kan i tillegg være underbygget med kjeller.
*Frittliggende boligbygning inntil 30 m​2 BRA med én boenhet i én etasje uten kjeller som ikke på noe punkt overstiger en høyde på 4,5 m over bakken
*mm - sjå SAK10 §3-1. 

Ansvarleg føretak? (Tiltak med ansvarsrett, jf. pbl. §20-3)

Dersom du ikkje går under reglane for mindre tiltak du kan søke om sjølv utan ansvarsrett, må du få ein kvalifisert ansvarleg søkar til å sende søknaden for deg.
Eit firma som har kompetanse innanfor byggesak vil då vite kva som trengs i søknadsprosessen.

Ved et byggeprosjekt som er søknadspliktig etter plan- og bygningsloven § 20-3, må det engasjeres et kvalifisert foretak som skal inneha rollen som koordinator for byggesaksprosessen. Dette koordinerende foretaket har tittelen «ansvarlig søker».

NB! 01.05.2023 innførte Hareid kommune med heimel i forvaltningslova §15a og eForvaltningsforskrifta §3 å stenge for søknadar på epost. Det er no krav om at alle søknadar etter plan- og bygningsloven §20-3 skal sendast digitalt. Løysinga som skal nyttast ligg på nettstaden til Direktoratet for byggkvalitet.

Sjølvbyggar? (tiltak med ansvarsrett, jf. pbl. §20-3)

Du kan sjølv ha moglegheiter til å ta på deg ansvaret ved å søke om å vere sjølvbyggar

Du må då oppfylle følgande krav:
      ·   Byggearbeidene må være av liten vanskelighetsgrad, tiltaksklasse 1
      ·   Det må gjelde eigen bustad (einebustad) eller fritidsbustad. 
      ·   Det er ikkje mogleg å vere sjølvbyggar på bygg på eigedom so meir til anna formål, som for eksempel. Næring eller industri.
      ·   Du må kunne sannsynleggjere at du, medhjelpar eller firma innehar tilstrekkeleg kvalifikasjon
      ·   Kompetanse og erfaring vert vektlagt
      ·   Du må kunne sannsynleggjere at arbeidet blir tilfredsstillande utført
      ·   Arbeidet skal gjerast i medhald av gjeldande regelverk.

Som sjølvbyggar er det ikkje krav til at du gjer alt arbeidet sjølv. Du kan hente inn fagpersonar med kompetanse på områder du sjølv ikkje har kunnskap til. 
Det viktige er at det må vere tydeleg kven som gjer kva. Dette må stå i søknaden. 

Slik søker du om ansvarsrett som sjølvbyggar: 
Skjema 5187 Erklæring for sjølvbyggar (personleg ansvarsrett) skal sendast inn saman med byggesøknad.  Legg også ved dokumentasjon som sannsynleggjer kompetansen som fagbrev, kursbevis, ol.

Her finner du informasjon om selvbygger (SAK10 § 6-8)

NB! Krav til vedlegg:

Krav til vedlegg for byggesøknad
  • Eit følgeskriv som skildrar kva du skal bygge og kva du har tenkt.
  • Skjema for “opplysningar gjeve i nabovarsel”
  • Skjema for “kvittering for nabovarsel”
  • Erklæring om ansvarsrett *(søknad om ansvarsrett)
  • Gjennomføringsplan *(søknad om ansvarsrett)
  • Eventuelle nabomerknadar med ei forklaring på korleis du har teke omsyn til dei
  • Situasjonsplan og teikningar
         -   Situasjonsplan:
    • Vise tydeleg plassering av tiltaket
    • Vise avstand til andre bygg, nabogrense, (senterlinje) veg og kraftliner. 
    • VA-leidningar må visast fram til tilkoplingspunkt offentleg anlegg.  
    • Oppfylling av terren må visast på situasjonsplan.  
    • Vise endra tilkomstforhold, parkering og terrengarbeid (nye terrengliner)  
    • Areal for parkering og uteopphaldsareal ute.
    • Vise takflate, fasadeliv, møneretning
      I tillegg skal følgande opplysningar oppgis i tittelfeltet på situasjonsplanen:
      • Gards- og bruksnummer (gnr. og bnr.)
      • Adresse, postnummer, poststad
      • Tiltakets art (påbygg, tilbygg, nybygg)
      • Teikningsnummer, og revisjonsnummer
      • Målestokk, dato og  evt. revisjonsdato
      • Signatur
  • Terrengsnitt skal vise både eksisterande og nytt terreng. 
    • Murar, fyllingar og skjeringar må visast.  
  • Fasadeteikningar skal oppdaterast med framtidig terreng. 
    Vidare må gjennomsnittleg planert terreng visast på fasade eller snitt-teikningar og høgde til møne må gå fram.  
  • Romskildring for innandørs tiltak
  •      - I nokon tilfeller må du i tillegg legge ved:
    • Avstandserklæring frå berørte eigedommar
    • Privatrettsleg samtykke
    • Løyve frå andre mynde
    • Uttale frå andre mynde
    • Grunngitt søknad om dispensasjon.
    • Erklæring om personleg ansvarsrett og dokumentasjon som sannsynliggjer kompetansen som fagbrev, kursbevis ol. 

 

Her finner du en liste over hva som må vedlegges en byggesøknad for at denne er komplett (SAK10 § 5-4) 

Krav om trygg byggegrunn

Noko som blir meir og meir viktig er stadfesting av trygg byggegrunn. 

Er det naturfare der du skal bygge eller gjere noko?
Sjå eiga side om trygg byggegrunn for meir informasjon

Plan- og bygningslova stiller krav om at byggegrunnen skal vere tilstrekkeleg sikker mot naturpåkjenningar. Du som tiltakshavar må dokumentere tryggleik. Dersom eigedomen din inngår i ei faresone eller aktsemdssone må du ha stadfesting av fagkyndig.

For å sjekke status for din eigedom; gå inn på NVE Atlas og opne fanen for naturfare.

Dersom det ikkje ligg føre dokumentasjon på trygg byggegrunn må byggesøknaden avvisast. Dette med heimel i plan- og bygningslova §28-1. 

4. DISPENSASJON
Dersom tiltaket du skal søke om krev dispensasjon må du søke om dette også ( tillegg til byggesøknad). 
Dispensasjonssøknaden kan du sende inn saman med byggesøknaden. 

Korleis søke dispensasjon?

Vert det søkt om dispensasjon i samband med søknad om byggeløyve - skal dispensasjonen sendast saman med byggesøknad. Dersom det særskilt vert søkt om dispensasjon utan byggeløyve kan denne sendast inn aleine (med vedlegg). 

  • Du må sende ein grunngjeven søknad (ingen formkrav; kan skrivast for hand eller digitalt og sendast i brev, epost pdf ol. ingen skjema)
    • Søknaden skal opplyse om kva ein søke dispensasjon frå og grunngje kvifor søkjar meina at kommunen skal gje dispensasjon. 
      • innehalde gode faglege argument for det som det skal dispenserast frå
    • Må også vise til ei vurdering av trygg byggegrunn, jf. pbl. §28-1. 
  • Du må legge ved detaljerte teikningar/illustrasjonar (snitt, plan- og situasjonskart). 
    Terrengendringar må visast på situasjonsplanen. 
    • Alle vedlegg skal vere datert, signert og i målsett eller i målestokk med tilhøyrande teiknforklaring. 


5.  NABOVARSEL
Hovedregelen er at alle søknadspliktige tiltak skal nabovarslast. 

Korleis nabovarsle?

         i.    Bestill naboliste frå e-torg.no(ekstern lenke). 
     eller
         ii.    Bruk skjema for nabovarsel (dibk) (du kan varsle digitalt eller fysisk)

Frist for nabovarselet er 14 dagar. Du må då vente i to veker frå du varsla naboar til du sender inn byggesøknaden til oss. Unntaket er dersom naboar har gjeve skriftleg samtykke til tiltaket kan du sende søknaden med ein gong.
Les direktoratet si rettleiing for nabovarsel

 

6. SAKSHANDSAMINGSTID 
Ved eittrinnssøknad, der alt er innanfor lovverket og ingen naboar har protestert på det du søker om, er behandlingstida på søknaden 3 veker. Dersom det er manglar i søknaden vil du få skriftleg tilbakemelding om dette.

Saksbehandlingstida er 12 veker for søknad om rammeløyve, tiltak som har nabomerknader, eller som krev dispensasjon eller uttale frå andre styresmakter.

7. KVA KOSTAR DET? 
Sjå gjeldande gebyrregulativ. 

8. KLAGE PÅ VEDTAK (AVSLAG)
Får du avslag på ein byggesøknad, har du høve til å klage.

Klagefristen er 3 veker frå den dagen vedtaket kom fram til den påførte adressa. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan den dagen klagefristen går ut. Klagen kan sendast til postmottak@hareid.kommune.no eller per brev til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. 

Klagen må:
* vere grunngitt. Klagen bør også nemne eventuelle andre opplysningar som kan ha noko å seie for kommunen si vurdering.
* ha med kva vedtak det blir klaga på.
* ha med kva endringar som eventuelt er ønska.
* vere underteikna.
Meir info om klage på vedtak i plan- og byggesak finn du her.