Mellombels bruksløyve

Mellombels bruksløyve

Så lenge det kun står igjen mindre arbeid, og det ikkje er farleg å ta i bruk bygningen, kan du søke om mellombels bruksløyve. Eit mellombels bruksløyve betyr at du kan ta bygningen i bruk, men at dei siste manglane må vere gjennomført innan ein frist som kommunen setter.

For søknad utan ansvarsrett: 
Søknad om mellombels bruksløyve (skjema nr. 5169)
 

Føresetnad for å kunne søke om mellombels bruksløyve er:

  • at du må identifisera kva arbeid som gjenstår.
  • at du må stadfesta at tiltaket har, eller innan 14 dagar vil få, tilfredsstillande tryggleiksnivå. 
  • at du må angi tidspunkt for ferdigstilling. 

 

Må du søke om endring?

Om du har gjort mindre endringar i høve til byggjeløyve som du fekk og desse er så små at dei ikkje er søknadspliktige, må du likevel senda inn dokumentasjon som viser endringane du har gjort.

Dersom du har gjort så store endringar at dei ikkje er unnateke søknadsplikt, må du søkja om ei endring av løyve du hadde før du kan søkja ferdigattest eller bruksløyve.

"Søknad om endring av gitt løyve".