Rive?

Rive?

Dersom du skal rive eit bygg, eller delar av eit bygg, er det fleire ting du må gjere på førehand.

Hugs at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygge ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. 

Når du skal rive en bygning, en konstruksjon eller et anlegg, jf pbl § 20-1 e) er det tre ulike kategoriar som er aktuelle. I utgangspunktet er det slik at det du må søke om å bygge, det må du også søke om å få rive. 

Same prinsipp gjelder for om du kan søke sjølv eller om du må få et kvalifisert foretak (ansvarleg søkar) til å gjere jobben.  Avhengig av kva som skal rivast, tiltakets sin storleik og kor det er plassert, kan det vere at du: 
     1. Kan rive utan å søke (altså ikkje søknadspliktig). 
     2. Må søke, men kan som tiltakshavar (tiltakshavar = du som eigar det som skal rivast) 
        sjølv være ansvarleg for søknaden og rivearbeida. 
    3. Må søke og søknaden må innsendes av foretak som tar på seg ansvar som ansvarleg søker. 
Prosjektering og utføring må utføres av foretak som tar på seg ansvar som ansvarleg prosjekterende og ansvarleg utførande. Eventuell kontroll må utføres av foretak som tar på seg ansvar for kontroll. Alle foretak som tar på seg ansvar må tilfredsstille krav til kvalitetssikring jf. SAK10 kapittel 10 og krav til utdanning og praksis jf. SAK10 kapittel 11. Kommunen kan, jf. pbl §23-1, frita for krav om ansvarsrett der ansvarsrett vert sett til å vere unødvendig. Det vil si der risikoen er liten og konsekvensane i forhold til helse, miljø og tryggleik er små. Se pkt. 2 i slike tilfelle. 
 

Rive utan å søkje

Sjekk om tiltaket ditt er nemnt i rettleiaren «Dette kan du bygge uten å søke kommunen om tillatelse». Dersom det er lov å bygge utan å søke, kan du også rive. 

Kan eg søke sjølv?

Der du sjølv kan søke om å bygge, kan du også søke om å rive. 
Meir informasjon om kva du kan søke om sjølv finn du på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet og i søknadspakken til kommunen. 
 

Ikkje søknadspliktig etter pbl. §20-5 og SAK10 §4-1
  • Frittliggande bygning på bebygd eigedom.
    • kan ikkje vere til bebuelse, og kan berre ha eit samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) på inntil 50kvm. Mønehøgde maks 4m og gesimshøgde maks 3m.
    • eksemplar garasje, uthus, verkstad, hobbybod, veksthus og leikerhytte
  • Tilbygg som ikkje inneheld rom til varig opphold eller bebuelse.
    • kan berre ha eit samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) på maks 15 kvm.
      Tilbygget må vere understøtta og kan ikkje vere meir enn to etasjer eller plan. 
    • eksemplar: veranda, terrasse og liknande, ope overbygd inngangsparti eller ved- og sykkelbod. 
  • Frittliggande byggverk som er knytt til jordbruks- og skogbruksområder. 
    • kan berre ha eit samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) på maks 15 kvm. 
      maks ein etasje og utan kjellar. 
    • eksemplar: skogskoier og gjeterhytter
Søknadspliktig riving som du sjølv kan vere ansvarleg for, jf. pbl. §20-4 og SAK10 §§3-1 og 3-2
  • Ein einskild frittliggande bygning på bebygd eigedom. 
    • kan ikkje brukast til bebuelse
    • ikkje samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) på over 70kvm. 
      Bygget skal ha maks ein etasje. Den kan i tillegg ha kjellar. 
      • er det kjellar kan denne ikkje innehelde opphaldsrom og må ha himling på mindre enn 1,m over planert terrengs gjennomsnittsnivå. 
    • Eksemplar: garasje, uthus, verkstad eller utstillingslokale med personopphald kun på dagtid. 
  • Eit tilbygg kor verken samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 50 kvm. 
    • kan i tillegg ha kjellar. 
  • Driftsbygning i landbruket på inntil 1000 kvm i bruksareal (BRA)
    • gjelder berre “alminnlege driftsbygningar”.  nærare forklart i SAK10 §3-2. 
Korleis skal eg søke?

SAK10 §5-4 sier kva ein søknad skal inneholde. 

Skjema for privatpersonar:
 skjema for søke om å rive/bygge 

i tillegg må det leggast ved 
* kvittering for nabovarsel og opplysningar gitt i naboverslet. 
* Eventuelle merknadar frå naboar (med ein forklaring på korleis du eventuelt tek omsyn til dei)
* Kartutsnitt (som viser tydeleg kva som skal rivast)
* Teikningar og/eller foto (berre når det er snakk om bevaringsverdige bygg eller mogleg bevaringsverdige bygg)
*Eventuell søknad om dispensasjon (sjå eiga side om dispensasjon

 

Søknadspliktig riving med krav om ansvarleg føretak etter pbl. §20-3
  • alle bygg, konstruksjonar og anlegg jf. pbl. §20-1a som ikkje er er unnteke søknadsplikt eller som du kan søke som sjølv.

 

Det er krav om digital søknad for alle søknadar etter pbl. §20-3 (krav til ansvarleg føretak). 
Firmaet du engasjerar veit korleis dei skal sende inn søknad til kommunen. 

Bevaringsverdig bygg?

usikker på om du har eit bevaringsverdig bygg - sjå her for meir informasjon § 19-3. Bevaringsverdige bygninger - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no) 

Er bygget verneverdig må det hentes inn uttale/løyve får kulturminnemynde, jf. SAK10 §6-2.
Er rivinga fritatt søknadsplikt, må du sjølv sørge for å hente inn naudsynte uttalar/løyver. 

Handtering av avfall

Material i bygningar, konstruksjonar og anlegg kan innehalde stoff som er skadelege for miljø og helse. For å hindre at skadelege stoff vert spreia, vert det stilt krav til handtering og levering av rivingsavfall. 

 

I samband med all riving er du pliktig til å gjere ei kartlegging av bygningsdeler, installasjonar og liknande som kan utgjere farleg avfall og sørge for at slikt avfall leverast til godkjent mottak (jf TEK17 § 9-7 1. ledd og avfallsforskriftens kap. 11).

  • Dersom du skal rive ein bygning på meir enn 100 kvm bruksareal (BRA) eller konstrauksjonar og anlegg som generera meir enn 10 tonn avfall må du utarbeide ein avfallsplan, jf. SAK10 §9-6. 
    • Når rivinga er utført må du sende kommunen ein sluttrapport som dokumentera kor mykje som vart levert av dei ulike avfallstypane. Saman med sluttrapport skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert til godkjent avfallsmottak eller direkte til gjenvinning. Dette skal sendast saman med søknad om ferdigattest. 
  • For tiltak nevnt i TEK17 første ledd bokstav b-d skal det utarbeidast eigen rapport frå miljøkartlegginga, jf. TEK17 §9-7. §9-7 gir vilkår for kva rapporten skal innehalde.  
Husk å meld frå når du har reve tiltaket (fritatt søknadsplikt og krav om søknad)

 

 

Søknadane sendast til postmottak@hareid.kommune.no eller sendast til Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. 

Kommunen fakturera ikkje for søknad om ferdigattest eller melding om bygg. 

 

Spesielt for riving:
✅ set eit kryss på situasjonsplan over bygget du søker om å rive
✅ send inn teikningar eller foto som viser bygget
✅ du må opplyse om føremålet med rivinga og korleis tomta skal opparbeidast etter rivinga
✅ send inn stadfesting på at bygget er fråflytta, seinast ved søknad om løyve til å sette i gang 

Viktig å hugse på:
✅ kvitt deg med avfallet på ein miljøriktig og loveleg måte (NB! sjekk om det er krav om avfallsplan og miljøsaneringsskildring)
✅ rivearbeidet skal sikrast i samsvar med pbl. §28-2 
✅ kontakt kommunen om det er eit eldre bygg, det kan hende at bygget er SEFRAK-registrering eller verneverdig 
✅ kontakt kommunen når det gjeld å plombere vatn.- og avlaupsleidningar
✅ kontakt andre leidningseigarar når det gjeld leidningar i lufta eller i grunnen (td. telefon, breiband, vatn ol.)