Søke om å bygge, endre eller rive

Søke om å bygge, endre eller rive

Plan- og bygningslova §20-1 fortel kva for tiltak som er søknadspliktige. 
Det finnes visse unntak, der du som tiltakshavar vert fritatt for å søke.
Dette gjeld i hovudsak mindre tiltak.

Er du i tvil om ditt prosjekt krevjar at du søker, anbefaler vi at du prøver ein av følgande rettleiarar 

Det vert skild mellom 
•    Søknadspliktige tiltak utan ansvarsrett (tiltakshavar har sjølv ansvaret) 
•    Søknadspliktige tiltak med ansvarsrett (ansvarleg søkar eller sjølvbyggar)
NB! Krav om digital søknad for søknadar etter pbl. §20-3 (tiltak med ansvarsrett) 

Vidare er det to typar byggesøknadar: 
•    eit trinnssøknad (komplett søknad om å direkte sette i gong tiltaket) 
•    to-trinnssøknad (søknad om rammeløyve og igangsetjingsløyve vert sendt kvar for seg). 

Korleis søke? 
•    For tiltak du sjølv kan søke om kan du velje mellom å sende inn digital søknad via Norkart eller finne relevant skjema på dibk.no, fylle ut søknaden og sende den til postmottak@hareid.kommune.no eller Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.
Alternativt kan du møte opp på rådhuset ved servicetorget og levere søknaden.  
                           
                             Sjå rettleiar for søknadsprosess. 
•  Må du ha ansvarleg søkar (tiltak med ansvarsrett) ordnar firmaet du har engasjert søknaden for deg. Ansvarleg søkar må sende søknaden digitalt.
  Digital søknad for ansvarleg søkar / sjølvbyggar 
 

Kan eg søke sjølv? (søknad utan ansvarsrett)

Enkelte mindre byggetiltak kan du sjølv stå ansvarleg for.
Då kan du søke om byggeløyve utan ansvarsrett.

Reglane for søknad utan ansvarsrett følger av byggesaksforskrifta SAK10 § 3-1, jf. plan- og bygningslova §20-4. 
Dette betyr at du kan bygge, endre eller rive utan at du trenge å bruke fagfolk.

Kva ansvar har du
Du som tiltakshavar pliktar å sette deg inn i aktuelt lovverk, planar, planføremål, føresegner, kart ol. for den eigedomen tiltaket skal utførast på.
Du har også ansvar for å sjå til om det er leidningar eller andre røyr i grunnen der du skal bygge.  Dette er for å ikkje gjere skade på dei, og hindre tilgangen ved framtidig reparasjon og vedlikehald.

 

Når må eg ha eit ansvarleg føretak? (søknad med ansvarsrett)

Dersom du ikkje går under reglane for mindre tiltak du kan søke om sjølv utan ansvarsrett, må du få ein kvalifisert ansvarleg søkar til å sende søknaden for deg.
Eit firma som har kompetanse innanfor byggesak vil då vite kva som trengs i søknadsprosessen.

Ved et byggeprosjekt som er søknadspliktig etter plan- og bygningsloven § 20-3, må det engasjeres et kvalifisert foretak som skal inneha rollen som koordinator for byggesaksprosessen. Dette koordinerende foretaket har tittelen «ansvarlig søker».

NB! 01.05.2023 innførte Hareid kommune med heimel i forvaltningslova §15a og eForvaltningsforskrifta §3 å stenge for søknadar på epost. Det er no krav om at alle søknadar etter plan- og bygningsloven §20-3 skal sendast digitalt. Løysinga som skal nyttast ligg på nettstaden til Direktoratet for byggkvalitet.

Kan eg søke om ansvarsrett som sjølvbyggar (søknad med ansvarsrett)

Du kan sjølv ha moglegheiter til å ta på deg ansvaret ved å søke om å vere sjølvbyggar

Du må då oppfylle følgande krav:
      ·   Byggearbeidene må være av liten vanskelighetsgrad, tiltaksklasse 1
      ·   Det må gjelde eigen bustad (einebustad) eller fritidsbustad. 
      ·   Det er ikkje mogleg å vere sjølvbyggar på bygg på eigedom so meir til anna formål, som for eksempel. Næring eller industri.
      ·   Du må kunne sannsynleggjere at du, medhjelpar eller firma innehar tilstrekkeleg kvalifikasjon
      ·   Kompetanse og erfaring vert vektlagt
      ·   Du må kunne sannsynleggjere at arbeidet blir tilfredsstillande utført
      ·   Arbeidet skal gjerast i medhald av gjeldande regelverk.

Som sjølvbyggar er det ikkje krav til at du gjer alt arbeidet sjølv. Du kan hente inn fagpersonar med kompetanse på områder du sjølv ikkje har kunnskap til. 
Det viktige er at det må vere tydeleg kven som gjer kva. Dette må stå i søknaden. 

Slik søker du om ansvarsrett som sjølvbyggar: 
Skjema 5187 Erklæring for sjølvbyggar (personleg ansvarsrett) skal sendast inn saman med byggesøknad.  Legg også ved dokumentasjon som sannsynleggjer kompetansen som fagbrev, kursbevis, ol.

Her finner du informasjon om selvbygger (SAK10 § 6-8)

Førehandskonferanse eller avklaringsmøte før innsending av byggesøknad

Avklaringsmøte som vert heldt før ein eventuell søknad sendes inn til kommunen. Føremålet med møtet er å avklare og diskutere føresetnadane for det aktuelle tiltaket og krav til plangrunnlag, infrastruktur, lovverk og saksgang for søknaden.

Sjå eiga side for meir informasjon Førehandskonferanse - Hareid kommune 

Krev søknaden min dispensasjon? (i tillegg til byggesøknad)

Hovedregelen er at alle tiltak skal vere i tråd med lov, forskrift eller plan. Er det avvik må det søkast om dispensasjon. 

Planstatus: gå inn på arealplaner.no for å finne gjeldande kommuneplan og eventuell reguleringsplan for ditt område. Plankartet og føresegna fortel kva området kan nyttast til. 

Sjå meir informasjon om søknad og innhold knytt til dispensasjon på eiga side. 

Korleis skal eg søke? (søknadsskjema og innlevering)

Må du ha ansvarleg søkar (tiltak med ansvarsrett) ordnar firmaet du har engasjert søknaden for deg. Ansvarleg søkar må sende søknaden digitalt.
NB! søkar du som sjølvbyggar må du også levere søknaden digitalt. 

Kan du søke sjølv (tiltak utan ansvarsrett) kan du velje mellom å sende inn digital søknad via Norkart eller finne relevant skjema på dibk.no, fylle ut søknaden og sende den til postmottak@hareid.kommune.no eller Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.
Alternativt kan du møte opp på rådhuset ved servicetorget og levere søknaden.

Denne lenka gir også ei god rettleiing i søknadsprosessen:
Skal du bygge eller endre på huset ditt? - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no) 

Må eg nabovarsle og korleis gjer eg dette?

Hovudregelen er at alle søknadspliktige tiltak skal varslast til naboar og gjenbuarar.
Naboar er dei som bur på eigedom som grensar til di tomt. Gjenbuar er dei som bur på eigedom som er skilt frå din eigedom med veg, elv, eller anna areal. 

Slik sender du nabovarsel:
       * Bestill naboliste frå e-torg.no(ekstern lenke) 
eller
       * Bruk skjema for nabovarsel (dibk) (du kan varsle digitalt eller fysisk)

Frist for nabovarselet er 14 dagar. Du må då vente i to veker frå du varsla naboar til du sender inn byggesøknaden til oss. Unntaket er dersom naboar har gjeve skriftleg samtykke til tiltaket kan du sende søknaden med ein gong.

Les direktoratet si rettleiing for nabovarsel

Krav om trygg byggegrunn

Er det naturfare der du skal bygge eller gjere noko?
Sjå eiga side om trygg byggegrunn for meir informasjon

Plan- og bygningslova stiller krav om at byggegrunnen skal vere tilstrekkeleg sikker mot naturpåkjenningar. Du som tiltakshavar må dokumentere tryggleik. Dersom eigedomen din inngår i ei faresone eller aktsemdssone må du ha stadfesting av fagkyndig.

For å sjekke status for din eigedom; gå inn på NVE Atlas og opne fanen for naturfare.

Dersom det ikkje ligg føre dokumentasjon på trygg byggegrunn må byggesøknaden avvisast. Dette med heimel i plan- og bygningslova §28-1. 

Krav til innhold i byggesøknaden og vedlegg

Hareid kommune krev følgande i byggesøknaden:

  • Digital/papir søknad Søknadsskjemaer for byggesak - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)
  • Eit følgeskriv som skildrar kva du skal bygge og kva du har tenkt.
  • Skjema for “opplysningar gjeve i nabovarsel”
  • Skjema for “kvittering for nabovarsel”
  • Erklæring om ansvarsrett
  • Gjennomføringsplan
  • Eventuelle nabomerknadar med ei forklaring på korleis du har teke omsyn til dei
  • Situasjonsplan og teikningar
         -   Situasjonsplan:
    • Vise tydeleg plassering av tiltaket
    • Vise avstand til andre bygg, nabogrense, (senterlinje) veg og kraftliner. 
    • VA-leidningar må visast fram til tilkoplingspunkt offentleg anlegg.  
    • Oppfylling av terren må visast på situasjonsplan.  
    • Vise endra tilkomstforhold, parkering og terrengarbeid (nye terrengliner)  
    • Areal for parkering og uteopphaldsareal ute.
    • Vise takflate, fasadeliv, møneretning
      I tillegg skal følgande opplysningar oppgis i tittelfeltet på situasjonsplanen:
      • Gards- og bruksnummer (gnr. og bnr.)
      • Adresse, postnummer, poststad
      • Tiltakets art (påbygg, tilbygg, nybygg)
      • Teikningsnummer, og revisjonsnummer
      • Målestokk, dato og  evt. revisjonsdato
      • Signatur
  • Terrengsnitt skal vise både eksisterande og nytt terreng. 
    • Murar, fyllingar og skjeringar må visast.  
  • Fasadeteikningar skal oppdaterast med framtidig terreng. 
    Vidare må gjennomsnittleg planert terreng visast på fasade eller snitt-teikningar og høgde til møne må gå fram.  
  • Romskildring for innandørs tiltak
  •      - I nokon tilfeller må du i tillegg legge ved:
    • Avstandserklæring frå berørte eigedommar
    • Privatrettsleg samtykke
    • Løyve frå andre mynde
    • Uttale frå andre mynde
    • Grunngitt søknad om dispensasjon.
    • Erklæring om personleg ansvarsrett og dokumentasjon som sannsynliggjer kompetansen som fagbrev, kursbevis ol. 

 

Her finner du en liste over hva som må vedlegges en byggesøknad for at denne er komplett (SAK10 § 5-4) 

Kva kostar det å byggesøke?

Sjå gjeldande gebyrregulativ: Betalingssatsar og gebyr - Hareid kommune

Gebyr for eigarseksjonering
Gebyr for eigarseksjonering
Gebyr Pris
C.1 Oppretting av eigarseksjonar (EIERS. §11)
a) På nybygg > 4 seksjonar 8300
1. Tillegg for < 4 seksjonar (per ny seksjon) 1200
c) På eksisterande bygg > 4 seksjonar 11700
1. Tillegg for < 4 seksjonar (per ny seksjon) 1200
C.2 Reseksjonering (EIERS. §§20 og 21)
a) Reseksjonering av > 4 seksjonar 11600
1. Tillegg for < 4 seksjonar (per ny seksjon) 1200
C.3 Oppretting av seksjon med tilleggsdel (uteareal)
a) Gebyr etter matrikkellova, sjå punkt D)
C.4 Oppløysing av sameige
a) Oppløysing av heile sameige 5000
C.5 Saker som ikkje vert fullført
a) Saker som vert trekt av søkjar før handsaming startar 0
b) Saker som vert trekt av søkjar etter at handsaming er starta vert gebyrsatsane sett til 50% av fullt sakshandsamingsgebyr 50 prosent av fullt gebyr
c) Saker som kommunen avviser etter at handsaming er starta vert gebyrsatsane sett til 50% av fullt sakshandsamingsgebyr 50 prosent av fullt gebyr
c) Saker som kommunen gir avslag på vert gebyrsatsane sett til 80% av fullt sakshandsamingsgebyr 80 prosent av fullt gebyr
C.6 Mangelfull søknad
a) Etterlysing manglande/ufullstendig dokumentasjon i søknad 2800
1. Tillegg per mangelbrev 500

 

Gebyr for byggesaker
Gebyr for byggesak
Gebyr Pris
B.1 Mindre tiltak på bebygd eigedom (PBL. §20-4 og SAK10 §3-1 (utan ansvarsrett)
a) Tilbygg (per tilbygg/tiltak) 11000
b) Oppføring, endring, riving m.m av mindre frittliggande bygning (per bygg) 1 11000
c) Veranda, karnapp ol. (inkl. utviding/endring) overbygd uteplass (per tiltak) 6200
d) Mindre fasadeendring 6 200 kr 6200
e) Mindre støttemurar, levegg, gjerde o.l. 6200
f) Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innan for ei bueining 6700
g) Skilt- og reklameinnretning 5700
h) Mindre tiltak på leikeplassar, friluftsområde (gapahuk ol.) 2200
i) Mindre terrenginngrep, konstruksjonar og anlegg, veganlegg, parkering, damanlegg, flytebrygger, basseng, brønn, røranlegg ol. 7700
j) Øvrige mindre tiltak 11000
B2 Alminnelege bygningar i landbruket (PBL § 20-4 b) og SAK10 § 3-2)
a) Oppføring, endring, riving mm. – BRA per påbegynt 500 m2 (inntil 1 000m2) 13800
b) Tilbygg - bygningas totale BRA inkl. tilbygg per påbegynt 500 m2 (inntil 1 000 m2 13800
B.3 Mellombels bygningar, konstruksjonar eller anlegg (PBL §§ 20-1 j og 20-4 c) Tiltak som skal plasserast mellom 2 mnd. – 2 år, er søknadspliktig, utan krav til ansvarleg føretak. Oppføring av mellombels bygningar, konstruksjonar eller anlegg som ikkje skal plasserast for eit lengre tidsrom enn 2 år, skal ha fullt gebyr som om tiltaket var permanent (sjå B.1 og B.6)
B.4 Tiltak som krev søknad og løyve etter PBL. §20-3 Saksgebyr for konstruksjon, anlegg og vesentlege terrengendringar, som er ein integrert del av ein byggesøknad, er medrekna i saksgebyret .
j) Øvrige mindre tiltak 11000
B.5 Oppføring av bygning (pbl. §20-1 a, jf. pbl. §20-3) (ansvarleg føretak) Bygningstype For brukseiningar med BRA over 2 000 m2 skal det betalast 1,5 x gebyret som står oppført. For pkt. a) er eit garasjebygg (inntil 50 m2 BRA) og eventuelt støttemur inkl. i gebyret.
a) Bustad/fritidsbustad per bygning og ei brukseining (bt-kode: 111-171, 193- 199) 20600
1. Tillegg for bueining nr. 2 til og med nr. 5 i same bygg per bueining 10300
2. Tillegg for bueining frå og med nr. 6 i same bygg per bueining 5500
b) Garasje, uthus, naust < 100 m2 (bt-kode 181-183) 1500
c) Garasje, uthus, naust > 100 m2 (bt-kode 181-183) 16700
d) Industri og lagerbygning m.m. < 200 m2 (bt-kode 211-249) 16700
e) Industri og lagerbygning m.m. > 200 m2 (bt-kode 211-249) 26000
f) Kontor, og forretningsbygning m.m. < 1000 m2 (bt-kode: 311-330) 22800
g) Kontor og forretningsbygning m.m. > 1000 m² (bt-kode: 311-330) 34500
h) Samferdsel- og kommunikasjonsbygning < 1000 m² (bt-kode: 411-449) 22800
i) Samferdsel- og kommunikasjonsbygning > 1000 m² (bt-kode: 411-449) 34500
j) Restaurantbygning (bt-kode: 541-539) 22800
k) Bygning for overnatting, publikum, skulebygg m.m. (bt-kode: 511-529, 611-840) 68200
l) Brakkeriggar for kontorlokale, undervisning og liknande 34500
1. Tillegg for brakkerigg for overnatting for bueining nr. 2 til og med nr. 5 10300
2. Tillegg for brakkerigg for overnatting for bueining frå og med nr. 6 5500
m) Anlegg i strandsona (hamner, fiskerianlegg, molo, kai, flytebrygge 24800
n) Anlegg i strandsona (søknad om justering eller fornying av løyve) 5500
B.6 Tilbygg, påbygg, underbygg og plassering (PBL. §20-1 a, jf. PBL. §20-3)
For tilbygging av ny(e) bueining(ar) eller tilbygg, påbygg eller underbygg som avgjerande endrar eksisterande bygning, konstruksjon eller anlegg, skal det betalast gebyr som for nybygg. Elles etter satsane under:
a) Tilbygg (per tilbygg/tiltak) 11000
b) Oppføring, endring, riving m.m av mindre frittliggande bygning (per bygg) 1 11000
c) Andre bygg/konstruksjon/anlegg BRA >200 m² 17700
d) Andre bygg/ konstruksjon/anlegg BRA >201-500 m2 22500
e) Andre bygg/konstruksjon/anlegg BRA 501 -1000 m² 25200
f) Andre bygg/konstruksjon/anlegg BRA <1000 m² 34800
i) Mindre terrenginngrep, konstruksjonar og anlegg, veganlegg, parkering, damanlegg, flytebrygger, basseng, brønn, røranlegg ol. 7700
B.7 Fasadeendring, bruksendring og ombygging (PBL. 20-1 c), d) og g), jf. PBL.. §20-3)
For søknad som samstundes føreset endringar av eksisterande bygning, konstruksjon eller anlegg skal det i tillegg til gebyr betalast aktuelt gebyr for endringane.
a) Fasadeendring (vindu, tak ol.) - endring av bygget sin eksteriør karakter 8900
b) Samanføying, brukseining eller oppdeling av ei ny av brukseiningar i bustad 10300
1. Tillegg for bueining nr. 2 (per ny bueining) 5200
c) For varig eller tidsbestemt bruksendringar/ Kommunen kan krevje at saka vert handsama som ny sak med fullt gebyr. 17500
h) Mindre tiltak på leikeplassar, friluftsområde (gapahuk ol.) 2200
B.8 Riving av bygning, konstruksjon eller anlegg (PBL §20-1 e), jf. pbl. §20-3)
a) Riving av bygning BRA < 100 m² 13800
b) Riving av bygning BRA 101 - 1000 m² 16500
c) Riving av bygning <1000 m² 17900
g) Skilt- og reklameinnretning 5700
B.9 Arealuavhengige tiltak (PBL. §20-1 a) b) f), h), i), k), l)
a) Heis; oppføring, endring eller reparasjon 11000
b) Skorstein/pipe/fyringsanlegg; oppføring, endring eller reparasjon 3600
c) Veranda, karnapp ol. (inkl. utviding/endring) overbygd uteplass (per tiltak) 6200
d) Øvrig byggtekniske installasjonar; oppføring, endring eller reparasjon 11000
e) Støttemur, levegg, gjerde; oppføring, endring eller reparasjon 11000
g) Etablering av veg, parkeringsplass, ladeplass, damanlegg, flytebrygger, basseng, brønn, røranlegg, master, konstruksjonar og anlegg, innhegning mot veg ol. 13800
h) Vesentleg terrenginngrep 17300
i) Utandørs anlegg / anlegg 23400
j) Øvrige tiltak som ikkje fell inn under punkta over (a-h) 11000
f) Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innan for ei bueining 6700
B.10 Førehandskonferanse etter PBL. §21-1
a) Førehandskonferanse 3000
e) Mindre støttemurar, levegg, gjerde o.l. 6200
B.11 Ansvarsrett(ar) (pbl. §20-3, jf. §20-1 og kapittel 23)
a) Handsaming av søknad om personleg ansvarsrett (sjølvbyggar) 1400
b) Ansvarsrett 1400
c) Handsaming av søknad om godkjenning av føretak 2000
d) Endra ansvarsrett (per føretak) 1500
d) Mindre fasadeendring 6 200 kr 6200
B.12 Igangsetjingsløyve
a) Igangsetjingsløyve, eit gebyr per løyve 8300
B.13 Dispensasjon (PBL. kapittel 19 og TEK17)
a) Dispensasjon – administrativ handsaming 9000
1. Tillegg for kvar dispensasjon utover den første 1500
b) Dispensasjon – politisk handsaming 17900
1. Tillegg for kvar dispensasjon utover den første 1500
c) Fråvik frå TEK (for kvart fråvik) 1700
B.14 Innhenting av løyve eller uttale/samtykke frå anna mynde (PBL § 21-5)
a) Løyve eller uttale/samtykke frå anna mynde (eitt gebyr per innhenting) 2 800
B.15 Delingssøknad (PBL. §20-1 m), jf. §20-4 d))
a) Handsaming av søknad om frådeling eller grensejustering etter PBL 13800
B.16 Endringar i høve gitt løyve (PBL. §20-3)
a) Reviderte teikningar/mindre tillegg/justeringar som formelt krev handsaming 5500
b) Større endringar i høve gjeve løyve vert det rekna gebyr tilsvarande 30% av ordinært gebyr etter dette regulativet, med då med minimumsgebyr i pkt. a). Kommunen kan krevje at saka vert handsama som ny sak 30 prosent av ordinært gebyr / minimum 5500
B.17 Mangelfull søknad
a) Etterlysing av manglande/ufullstendig dokumentasjon i søknad (PBL 20-3) 2800
b) Etterlysing av manglande/ufullstendig dokumentasjon i søknad (PBL 20-4) 1600
c) Gjennomgang og retur av søknad som ikkje er korrekt eller inneheld den minimumsdokumentasjon som er kravd i forskrift 2800
B.18 Avslag på søknad
a) Avslag på søknad (PBL. §20-3) 80 prosent av full gebyr
b) Avslag på søknad (PBL. §20-4) 80 prosent av full gebyr
c) Trekt søknad før sakshandsaming er påbegynt 0
d) Trekt søknad etter sakshandsaming er påbegynt 50 prosent av full gebyr
B.19 Avbrote arbeid
Når ein tiltakshavar/rekvirent er årsak til at kommunen sitt arbeid blir avbrote, skal det etter vurdering betalast gebyr i høve til det som er utført eller som kommunen må utføre timepris
B.20 Ulovleg byggearbeid
a) Dersom søknadspliktige arbeid, etter pbl. §20-1, jf. §20-3, vert sett i gang eller teke i bruk utan løyve, vert det rekna tilleggsgebyr tilsvarande 50% av ordinært gebyr etter dette regulativet, likevel ikkje under minimumsgebyr på kr 13 400. 50 prosent av ordinært gebyr / minimum 13400
b) Dersom søknadspliktige arbeid, etter pbl. §20-1, jf. §20-4, vert sett i gang eller teke i bruk utan løyve, vert det gitt eit tilleggsgebyr fastpris 9200
c) Det kan i tillegg verte gitt overtredingsgebyr jf. SAK10 §16

 

Sakshandsamingstid

Hovudregelen er at sakshandsamingstid på byggesøknadar er 12 veker etter at komplett søknad ligg føre. 
Merk at dette gjeld frå komplett søknad. Det betyr at søknaden må vere utan manglar, og i samsvar med relevant lovverk med forskrift.

Det er likevel gjort unntak for søknadar som er i tråd med lov og forskrift, der det ikkje er nabomerknadar og uttaler eller løyver frå andre mynde ikkje er naudsynt skal sakshandsamingstida 3 veker.

Søknadar som krev dispensasjon frå plan eller føresegner skal kommunen avgjere innan 12 veker. Fristen vert forlenga med den tid som går med til høyring hos offentleg mynde og evt. supplering av opplysningar.

Du må betale gebyr for handsaminga etter gjeldande gebyrregulativ.

Du finn meir om tidsfristane i plan- og bygningsloven § 21-7  og Byggesaksforskriften kapittel 7.

Du må hugse å søke om ferdigattest når tiltaket er ferdig!!

Når tiltaket/bygget er ferdig må du søke om ferdigattest
Alle tiltak som er søknadspliktige skal avsluttast med ferdigattest.

Det er ikkje lov å ta i bruk det du har bygd før kommunen har gjeve ferdigattest eller mellombels bruksløyve.

For søknad om ferdigattest bruk skjema Søknad om ferdigattest 
Ferdigattest blir gjeve på bakgrunn av innsendt dokumentasjon, og er kommunen si avslutning på byggesaka.

Ved tiltak med krav om ansvarleg føretak (inkl. sjølvbyggar ansvar) må følgande leggast ved søknaden:
           -  Sluttrapport for avfall (berre aktuelt med einskilde typar tiltak, jf. TEK17 §9-6
           -  Miljøsaneringsplan (berre aktuelt for einskilde type tiltak, jf. TEK17 §9-7 3. ledd
           -  Gjennomføringsplan, jf TEK17 §5-3

Klage på eit byggeløyve?

Meir informasjon finn du her: Klagerett - Hareid kommune

Kva om eg ikkje klarer å oppfylle tekniske krav (TEK17)?

For alle nye tiltak er det krav om å følge TEK17.

Dersom det er nokon av krava du har vanskeleg med å oppfylle kan du søke kommunen om fritak frå krava. 
Det er då viktig at du spesifiserer kva krav du ikkje klarer å oppfylle. Dette må stå i søknaden. 

Du kan ikkje rekne med å få fritak frå krav som går på helse og sikkerheit, som for eksempel krav til rømmingsvegar.