Gravemelding

Gravemelding

Ei gravemelding er ei kartlegging av tekniske anlegg under jorda før graving tek til. Ei gravemelding er ikkje eit løyve for arbeid tilknytta gravinga, eller eit løyve for å grave på anna ein eigen eigedom.

Graving på offentelg veg

Graving på offentleg veg er søknadspliktig etter veglova § 57. For kommunale vegar skal søknaden sendast til kommunen, for riks og fylkesvegar skal søknaden sendast til statens vegvesen. Graving i anna offentleg areal må sjølvsagt heller ikkje skje utan skrifteleg løyve.

Graving på privat grunn

Graving på privat grunn kan vere søknadspliktig etter plan og bygningsloven. Kva for tiltak som er søknadspliktig går fram av loven med forskrifter. Er det tvil om tiltaket er søknadspliktig kan du ta kontakt med kommunes byggesaksavdeling.

Før ein tek til å grave må ein uansett forsikre seg om at det ikkje ligg rør eller kablar i området. Nedanfor er det lista opp ein del aktørar som kan tenkast å ha rør eller kablar i Hareid kommune. Lista treng ikkje vere uttømmande. Ta kontakt med dei enkelte i god tid før graving.

  • Ved graving i kommunal veg skal søknad sendast til Hareid kommune. 
  • Ved graving i riks- og fylkesveg skal søknad sendast Statens vegvesen.

 

Korleis søkjer du?
Skjema "Melding om gravearbeid" 

Fyll ut skjema enten elektronisk eller skriv på eit utprinta eksemplar. 

Lag eit illustrasjonskart som viser kor du har tenkt å grave. Bruk f.eks Sunnmørskart for å lage eit slikt kart.

Eit illustrasjonskart skal innehalde grunnkart, gnr/bnr, vegar og bygningar, samt ei påteikning som viser kor graving skal skje.
 

Send inn kart og gravemeldingsskjema til Hareid kommune enten på e-post (postmottak@hareid.kommune.no) eller som vanleg post (Rådhusplassen 5, 6060 Hareid). 
 

Sjå eiga side om vegarbeid og vedlikehald for meir informasjon. 

Vatn og avløp - Hareid kommune eining for kommunalteknik og VAR

Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
E-post: postmottak@hareid.kommune.no 
Telefon: 70 09 50 00

Straum - Linja AS

Linja AS 
post@linja.no
Org. nr.: 912 631 532

Fiber - Tussa fiber AS

Tussa Fiber
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
E-post: kundesenter@tussa.no 
Telefon: 70 04 63 00

Telefonkablar - Geomtaikk AS

Geomatikk AS (På vegne av Telenor)
E-post: gravemelding.trondheim@geomatikk.no
Telefon: 09146

Kabel-TV - Com-Net AS

Com-Net AS
E-post: drift@com-net.no
Telefon: 400 04 880

Andre installasjonar

Kontakt aktuell grunneigar