Delesaker

Delesaker

Ved deling av eigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom oppmålt og gitt eit nytt gards- og bruksnummer. Den nye eigedomen blir først registrert i det offentlege eigedomsregisteret, matrikkelen og så i grunnboka hos Kartverket (tinglysing). 
Du kan lese meir om dette på Kartverket sine sider.

Deling eller endring av eigedom krev søknad og løyve, jf. pbl. § 26-1, jf. §§ 20-1, bokstav m og 20-4, bokstav d.

Deling og oppmåling av ny eigedom er en todelt prosess hjå kommunen.
 Trinn 1:  Først må ein søke deling etter plan- og bygningslova, og 
 Trinn 2:  når ein har fått løyve (etter pbl.) sendast saka over til oppmåling etter matrikkellova. 

NB! Det vert difor sendt ut to separate fakturarer for ei og same sak. 
(ver obs på at fakturane vert sendt ut etter kvart som løyve og oppmålinga vert gjennomført) 

Kven kan søke?

Som hovudregel er det heimelshavar, det vil sei den som står som eigar i grunnboka hos Kartverket v/ tinglysinga, som søkjer. 

Fleire heimelshavarar? 
Alle må signere på søknaden (evt. ved fullmakt)

Dødsbo?
Heimelen må overførast før det kan søkjast om frådeling. 

Korleis søke?
Alle søknadar sendast til postmottak@hareid.kommune.no eller 
post til Rådhusplassen 5, 6060 Hareid

Trinn 1: 

Vel enten 
kommunen sitt eige skjema for deling eller endring av matrikkeleining
eller 
DiBK blankett 5153

(denne søknaden vert nytta i handsaming etter plan- og bygningslova). 

Vidare må du legge ved 

  • Situasjonskart, målsett aktuelt areal på kartet så nøyaktig som råd. 
    • tilkomst, og vatn- og avløpsleidningar må teiknast inn.
  • Nabovarsel -  blankett 5154 
  • Opplysningar gjeve i nabovarsel - blankett 5155
  • Eventuell dispensasjonssøknad
  • Eventuelle private erklæringar for vatn/avløp
  • Eventuelle private vegrettserklæringar
  • Eventuelle løyve frå kommunalteknikk (kommunal veg) 

På kommunen sitt e-torg kan du få bestilt kart og naboliste med meir. 
Det er også moglegheit via e-torg å sende nabovarsling digitalt. 

Trinn 2: 
rekvisisasjon av oppmålingsforretning 

NB! du må fylle ut eit skjema for kvar ny eigedom
 Rekvisisasjon av oppmålingsforretning må leveres seinest når du ynskjer å rekverere oppmålingsforretning (normalt 16 vekers sakshandsamingstid) 
Dei fleste leverer skjemaet saman med skjemaet etter pbl. og vedlegga. 

  • Dersom det søkast om matrikulering utan fullført oppmålingsforretning må grunngjeve søknad om dette leggast ved.
  • Dersom det skal tinglysast rettar samtidig med oppretting av eigedommen må signert dokument som skal tinglysast leggast ved i to eksemplar

    For meir informasjon sjå Rekvisisjon av oppmålingsforretning | Kartverket.no 
Dispensasjon?

Dersom deling ikkje er i samsvar gjeldande arealplan og det føreligg særskilde grunnar, kan du søke om dispensasjon. Dersom du søkjer om dispensasjon skal dette vere markert i skjemaet.  Søknadar om dispensasjon skal grunngjevast og sendast inn som vedlegg. 

Les meir om dispensasjon her.  (utforming og innhold på søknad) 

 

Ei frådeling/endring av grenser må tilfredsstille alle krav til byggetomt som angitt i plan- og bygningslovens kapittel 26, 27, 28 og 29. I tillegg må ei frådeling/endring av grensen vere i tråd med gjeldende kommuneplan, kommunedelplan og reguleringsplan, og ikke komme i konflikt med gjeldende byggesaksbestemmelser.

Løyve etter jordlova for landbrukseigedomar

Om det frådelte arealet ligg på landbruksareal så må ein søke om godkjenning etter jordlova jf jordlova §§ 9 og 12. Dette er eit gebyrbelagt handsaming. 

sjekk Søk gård (nibio.no) for å finne ut om din eigedom er registrert med landbruksareal. 

Løyve etter pbl. varer i 3 år

Det må sendast inn krav om matrikulering og rekvisisjon av oppmålingsforretning, før slik oppmåling kan haldast.

Kravet kan sendast samstundes med søknad om deling, eller etter at det er gjeve løyve til deling. Det må leggast ved saksreferanse til løyve til deling/oppretting eller endring av eigedom. Det vert teke oppmålingsgebyr for dette arbeidet, jamfør forskrift om gebyr for dette arbeidet og gjeldande gebyrregulativ. 

Dersom det ikkje er sendt inn krav om matrikulering og rekvirert oppmålingsforretning innan 3 år etter delingsløyvet, fell løyvet til deling bort. Vilkår i løyvet må du sørge for vert oppfylt innan denne fristen. Du må og sørge for at det ikkje føreligg forhold som hindrar matrikulering (oppretting/endring og tinglysing av eigedom) innan same 3-årsfrist.

Sakshandsamingstid
  • Saksbehandlingstid for delingssaker etter plan- og bygningslova er enten 3 eller 12 veker frå søknaden er komplett. 
  • Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden også behandlast av landbrukskontoret i samsvar med  Jordlova § 12. (eigen sakshandsamingstid) 
    • Dette blir gjort i eiga sak før vedtak etter plan- og bygningslova.
    • Prinsipielle saker skal handsamast politisk (og ein må tilpasse sakshandsamingstid etter politisk møteplan)

I tilleg til sakshandsamingstid etter plan-og bygningsloven kjem det i delesaker også sakshandsamingstid for oppmåling etter matrikkellova. 

  • Sakshandsamingstid for oppmålingsforretning er normalt 16 veker, men lengre om vinteren (grunna frost og tele) 


Oppsummering:
* Delingsløyve etter pbl. vert sakshandsama innan enten 3 eller 12 veker, jf. pbl. §21-7. 
    * Ved søknad om dispensasjon som må på høyring vert det i tillegg lagt til 4 veker. 
* Eventuellt jordlovsvedtak vert sakshandsama innan gitt frist
* Oppmåling etter matrikkellova vert normalt sakshandsama innan 16 veker (lenger på vinteren). 

NB! Dersom det er behov for hurtig frådeling eller utsett erking kan det søknast om matrikulering utan fullført oppmålingsforretning (MUF). Kan berre gjerast ved frådeling av grunneigedom. 

 

 

Kvifor må den nye tomta fysisk målast opp?

Fleire av eigedomsgrensene vi har i dag er særs unøyaktig innregistrert i matrikkelen. Det er derfor stort sett behov for å foreta nye innmålingar når det vert søkt om å dele eller endre ein matrikkeleining (eigedom). 

Du som grunneigar (og naboane rundt) vert difor kalla inn til oppmålingsforretning. Normalt vert innkallinga sendt 14 dager før oppmålinga finn stad. 

 

Les meir om dette her -  Rekvisisjon av oppmålingsforretning | Kartverket.no