Dispensasjon

Dispensasjon

Hovudregelen er at alt som skal byggast skal vere i tråd med plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrift og arealplanar. Døme på arealplanar er kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplanar, reguleringsplanar, områdeplan ol. Dei ulike områda i kommunen har ulike planvilkår.

Likevel gir plan- og bygningslova eit snevert høve til å fråvike vilkåra ved å søke om dispensasjon.

Når du skal bygge må du difor finne ut kva for vilkår som gjeld for eigedomen du skal bygge på. Informasjon om dette finn du i kommunen sitt digitale planarkiv: arealplaner.no

Plankart:  Gir informasjon om arealformål, byggegrense, omsynssoner ol. 
Føresegn: Gir skriftlig informasjon om kva som er tillat innanfor kvart arealformål, kva byggehøgder som gjeld, takform/vinkel, estetisk utforming, utnyttingsgrad mm. 
Plan-og bygningsloven: Gir også generelle regler for utbygging. 
Eksempelvis gir lova:
     * reglar for byggehøgde (dersom det ikkje er spesifisert i plan)
     * reglar for avstand til nabogrense / andre bygg, jf. pbl. §29-4
     * reglar om generelt byggeforbod i 100m beltet(sjø), jf. pbl. §1-8 
Annet lovverk:
Eksempelvis:
    * Veglova (dersom planar ikkje har byggegrense)

Reglane for dispensasjon er heimla i Kapittel 19 dispensasjon Plan- og bygningslova

Eksempler på dispensasjon:
  • Plassering av bygning er i strid med regulert byggegrense 
  • Bygging i strid med arealføremålet landbruk-, natur og friluftsområde (LNF) 
  • Bygging nær veg 
  • Tilbygg eller byggverk nærare nabogrense enn 4 meter 
  • Bygningen vert høgare enn krav i arealplan 
  • Utnyttingsgrada for eigedomen vert overskriden 
  • Bygningen eller tiltak nær sjø eller vassdrag (byggeforbod i 100m beltet)
Kva er vilkåra for å få innvilga dispensasjon?

Kommunen kan berre gje dispensasjon dersom begge vilkåra i plan og bygningsloven §19-2 er oppfylt:   

  • «Dispensasjon kan ikkje tillatast dersom omsynet bak føresegna det dispenserast frå, omsynet i lovens føremålsføresegn eller nasjonale eller regionale interesser, blir vesentleg tilsidesett.»  
  • «Fordelane ved å gi dispensasjon skal vere klart større enn ulempene.» 
    Det skal leggast særleg vekt på verknadar for helse, miljø, tryggleik og tilgjenge. Kommunen bør ikkje dispensere viss overordna mynde har rådd frå tiltaket. 
Korleis søke om dispensasjon?

Vert det søkt om dispensasjon i samband med søknad om byggeløyve - skal dispensasjonen sendast saman med byggesøknad. Dersom det særskilt vert søkt om dispensasjon utan byggeløyve kan denne sendast inn aleine (med vedlegg). 

  • Du må sende ein grunngjeven søknad (ingen formkrav; kan skrivast for hand eller digitalt og sendast i brev, epost pdf ol. ingen skjema)
    • Søknaden skal opplyse om kva ein søke dispensasjon frå og grunngje kvifor søkjar meina at kommunen skal gje dispensasjon. 
      • innehalde gode faglege argument for det som det skal dispenserast frå
    • Må også vise til ei vurdering av trygg byggegrunn, jf. pbl. §28-1. 
  • Du må legge ved detaljerte teikningar/illustrasjonar (snitt, plan- og situasjonskart). 
    Terrengendringar må visast på situasjonsplanen. 
    • Alle vedlegg skal vere datert, signert og i målsett eller i målestokk med tilhøyrande teiknforklaring. 


Søknad om dispensasjon må nabovarslast
          i.    Bestill naboliste frå e-torg.no(ekstern lenke). 
     eller
         ii.    Bruk skjema for nabovarsel (dibk) (du kan varsle digitalt eller fysisk)

Frist for nabovarselet er 14 dagar. Du må då vente i to veker frå du varsla naboar til du sender inn byggesøknaden til oss. Unntaket er dersom naboar har gjeve skriftleg samtykke til tiltaket kan du sende søknaden med ein gong.
Les direktoratet si rettleiing for nabovarsel

Bygging langs veg?

…langs fylkes- og riksveg? 
I dei fleste tilfeller er det Hareid kommune som handsamar søknad om dispensasjon, men i nokre tilfelle er det fylkeskommunen og statens vegvesen. Dette gjeld bygging nær fylkes- og riksvegar, i ikkje regulerte områder.

Det er derfor viktig at du finn ut om det finnes ein reguleringsplan for din eigedom (arealplaner.no). 
Er eigedomen regulert skal søknad sendast til kommunen, kommunen må då sende saka på høyring hos offentleg mynde.
Er området ikkje regulert må du sjølv sende søknad til fylkeskommunen eller Statens vegvesen.

ikkje regulert byggegrense langs veg?

Når en reguleringsplan ikke inneholder byggegrenser mot offentlig veg, vurderes veglovens bestemmelser om byggegrenser på planens vedtakstidspunkt som inkorporert i planen, jf. tolkingsuttalelse fra Kommunal- og distriktsdepartementet datert 14.04.2016. 
 

Byggegrensa skal då gis ut frå reguleringsplanens vedtakstidspunkt. Oversikt over de historiske byggengrensene finn ein på Statens vegvesen sine sider. 


… langs kommunal veg? 
Byggesakseininga skal ha søknad om dispensasjon, og eining for kommunalteknikk og VAR skal ha saka på høyring.
 

 

Dispensasjon som eigen søknad

Det er mogleg å først sende inn dispensasjon som eigen søknad for å få avklart forholda, før du eventuelt hyrar inn ansvarleg føretak for å sende inn søknad. På denne måten slipp du å betale gebyr for ein eventuell avslag på byggesøknad, og betalar berre for dispensasjonshandsaminga.

Det er likevel fult mogleg å sende inn dispensasjonssøknad saman med byggesaka.

Korleis levere søknad om dispensasjon?

Du kan sende inn søknaden på epost til postmottak@hareid.kommune.no.
Alternativt sende brev til rådhusplassen 5, 6060 Hareid eller møte opp på rådhuset ved servicetorget og levere søknaden fysisk.

Varigheit for ein dispensasjon?

Du kan søke om varig eller mellombels dispensasjon. Du må då skrive i søknaden kva varigheit du ynskja dispensasjonen.

Sakshandsamingstid for dispensasjonssøknadar

Søknad om dispensasjon med heimel i pbl. §19-2 skal avgjerast innan 12 veker. Fristen gjeld frå komplett søknad er motteke og til vedtak er sendt. fristen kan forlengast med den tid som går med til feilretting eller supplering av opplysningar. 
Fristen løper ikkje den tid søknaden ligg til uttale hos statlege eller regionale mynde, jf. pbl. §19-1. 

Dersom saka på på høyring vert sakshandsamingstida maks 12 + 4 veker. 

Må saka på høyring?

Alle dispensasjonar som rører ved lokale, regionale og statlege mynders saksområde skal sendast disse for uttale føre kommunen kan gi dispensasjon. 

Kommunen vurderer ut i frå mynda sine ansvarsområde kven som får saka tilsendt for uttale. 

Dei vanlegaste høyringspartane er
* Møre og Romsdal fylkeskommune
* Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
* Statens vegvesen 
* Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
* Landbrukskontoret 
* Linja 
med fleire 

Når saka vert sendt på ekstern høyring vert sakshandsamingstida 4 veker lengre. 

Må saka politisk handsamast?

Delegeringsreglementet til Hareid kommune seier at prinsipielle saker skal handsamast politisk. 
Formannskapet handsamar sakar utan jordlovsvedtak, medan nærings- og miljøutvalet handsamar sakar med jordlovsvedtak. 

Kva som er ei prinsipiell sak - må avgjerast individuelt i kvar einskild sak.
Moment som vert vurdert er: 
* negativ uttale frå ekstern høyring
* negativ uttale frå naboar
* tal på dispensasjonar og saka si kompleksitet
* er liknande saker prinsipielt avklart tidlegare? 

Dersom saka skal handsamast politisk må saka tilpassast den politiske møteplanen. Noko som av og til kan føre til lengre handsamingstid, dersom det er lenge mellom kvar politiske møte. Dette gjeld særskilt i sommarmånadane og ved slutten på året. 

 

Fritak frå TEK17?
For alle nye tiltak er det krav om å følge TEK17.

Dersom det er nokon av krava du har vanskeleg med å oppfylle kan du søke kommunen om fritak frå krava. Det er då viktig at du spesifiserer kva krav du ikkje klarer å oppfylle.

Du kan ikkje rekne med å få fritak frå krav som går på helse og sikkerheit, som for eksempel krav til rømmingsvegar.