FELLESFYRVERKERI:

innsamlingsstolpe vips til 582357 - Klikk for stort bilete

Førehandskonferanse

Førehandskonferanse

Førehandskonferanse er eit avklaringsmøte som vert heldt før ein eventuell søknad sendes inn til kommunen. Føremålet med møtet er å avklare og diskutere føresetnadane for det aktuelle tiltaket og krav til plangrunnlag, infrastruktur, lovverk og saksgang for søknaden.

Førehandskonferansen er å sjå på som ei gjensidig orientering om eit tiltak og er ikkje rettsleg bindande for vidare saksgong. Det skal førast referat frå møtet.

Det er viktig at du sender inn naudsynt informasjon om tiltaket på førehand, slik at sakshandsamar kan få tilstrekkeleg kunnskap om tiltaket som er planlagt.

For at du skal få størst mogleg utbytte av møtet ber vi om at følgande informasjon vert lagt ved ønske om førehandskonferanse:
          adresse for det aktuelle tiltaket
         kva du skal bygge: kart, teikningar og skisser (målsett)
         kor stort du skal bygge: høgd, breidd, areal
          tiltakets plassering på eigedomen
          kva du skal bruke byggverket til
          informasjon om korleis du tenker å løyse veg, vatn, kloakk 
         spørsmåla du ønsker svar på i møtet
         legg også ved ynskja tidspunkt (eit par alternativ er fint å få med)


Reserver ein førehandskonferanse:

Dersom du ynskjer ein førehandskonferanse, kan du be om dette. 
Det kan du gjere med å sende e-post til postmottak@hareid.kommune.no.
Merk emnefeltet med «ønske om førehandskonferanse». Det er viktig at du legg ved informasjonen om tiltaket. 
 

Kva er ein førehandskonferanse

Ein førehandskonferanse skal bidra til at du får diskutert aktuelle problemstillingar ved det du ønskjer å bygge (tiltaket) og blir gjort kjend med relevante krav og føresetnadar for prosjektet.

Kven kan førespør ein førehandskonferanse?

Alle kan anmode om førehandkonferanse, uavhengig av kva du skal gjere på eigedomen din.

Kven kan møte på ein førehandskonferanse?

For tiltak kor du kan søke om byggeløyve på eigenhand (søknad utan ansvarsrett), kan du møte aleine.

For søknadspliktige tiltak som er underlagt reglar om ansvar og kontroll, bør du som tiltakshavar og firmaet du engasjera til å ta seg av heile søknadsprosessen (ansvarleg søkar) delta i møtet.

Kva kan aktuelle spørsmål i ein førehandskonferanse?

·         Uklåre reguleringsføresegn/plangrunnlag
·         Behov for dispensasjon
·         Krav om uavhengig kontroll
·         Uttale frå andre mynde
·         Løysingar for VVA
·         Saksgang for søknad
·         Andre aktuelle problemstillingar for tiltaket

Kva kostar ein førehandskonferanse?

Per no er det gratis.

Kva skjer etter at eg har sendt anmoding om førehandskonferanse?

Ein førehandskonferanse skal finne stad innan to veker etter mottatt anmoding. Du vil mottak tilbakemelding på tidspunkt for førehandskonferansen.

 

Kommunen vil nokon gongar vurdere at behovet for ein førehandskonferanse ikkje er til stades. I slike tilfelle ynsker kommunen, i samråd med søkar, å kunne gi rettleiing og anbefaling over telefon eller e-post utan å måtte holde møte.

Gjennomføring av førehandkonferansen:

Ver merksemd på at vi ikkje kan gå gjennom søknaden din for å bekrefte at den er komplett. Vi kan heller ikkje gi svar på om søknaden vil bli godkjent. Disse vurderingane blir gjort under sjølv sakshandsaminga, og er ikkje eit tema du kan ta opp i førehandskonferansen.

I ein førehandskonferanse blir du berre opplyst om kva lover og føresegn som gjeld. Du får også opplysningar om kva du må søke dispensasjon for. Du vil for eksempel ikkje få vite om du får innvilga ein søknad om dispensasjon, berre at du har rett til å søke dispensasjon.

Kva skjer etter gjennomført førehandskonferanse?

Avklaringar som blir gjort under møtet, og eventuelle avklaringar i etterkant, blir sendt til deg skriftleg. 

Dersom tiltaket blir endra i ettertid, for eksempel ved at tiltakets utforming endra, er det ikkje sikkert at avklaringane som blei gjort på konferansen gjeld lenger.