Tilsyn og ulovlegheitsoppfølging

Tilsyn og ulovlegheitsoppfølging

Hareid kommune har plikt til å føre tilsyn med at reglane innanfor plan, bygg og eigedom blir følgt. Eining for plan, byggesak og geodata gjennomfører derfor ulike typar tilsyn. Dersom det blir registrert avvik skal avvika rettast.

Kva er tilsyn?

Tilsyn er ein undersøking innanfor offentleg forvaltning som ser etter at lov- og regelverk blir følgt.

Det føres tilsyn på både søknadspliktige og ikkje-søknadspliktige tiltak.

Kva er formålet med tilsyn?

Formålet med tilsyn i byggetiltak er å oppnå betre bygg og dialog. Vi vil også oppnå auka seriøsitet og tillit i bygge- og konsulent bransjen og hos innbyggarane. 


Ser du eit byggetiltak du trur er ulovleg? 

1. Snakk med naboen

Naboen kan ha løyve eller tiltaket kan vere friteke søknadsplikt. Snakk med naboen og høyr kva vurderingar som er gjort i saka. 

For å sjekke kva som er godkjent - sjå eiga side om byggesaksarkivet. 

 

2. Sjekk om det er gitt løyve

Sjekk om kommunen har gjeve løyve til tiltaket.

For å sjekke kva som er godkjent - sjå eiga side om byggesaksarkivet. 

3. Sjekk om tiltaket er friteke for søknadsplikt

Mindre tiltak kan vere fritatt for søknadsplikt etter plan- og bygningslova - 
viser her til eiga side om temaet. 

·        Veiviser for frittståande bygg; garasje, bod, carport, atelier
·        Veiviser for tilbygg; terrasse, platting, veranda, vinterhage, bod, trapperom
·        Veiviser for bruksendring: endre eit rom utan å flytte vegger eller dører. 

4. Meld frå til kommunen

Melding sendes til postmottak@hareid.kommune.no – merk eposten med «mogleg ulovlegheit byggesak»

·        Viktig å merke seg at når du sender meldinga er den å rekne som offentleg tilgjengeleg informasjon.
·        Vi følger reglane om offentlegheit etter offentleglova og forvaltningslovas reglar under sakshandsaming


Tilsyn etter plan- og bygningslova: 

Korleis vert tilsyn gjennomført?

Det er ulike måtar å føre tilsyn på. Det vanlegaste i Hareid kommune er
·        sakstilsyn: leite i byggesaksarkivet og sjekke historikk til saker
·        tilsyn på eigedom: kontrollere om det er etablerte tiltak eller aktivitet på eigedomen som krever søknad og løyve frå kommunen.

Blir eg varsla før tilsyn på min eigedom?

Hovudregelen er at du skal varslast på førehand, dersom kommune planlegg eit tilsyn på din eigedom.

Det hender imidlertid at kommunen på rutinemessig kontroll merker seg ulovligheten, og tek eit tilsyn umiddelbart.

Kva skjer etter eit tilsyn?

Uavhengig om tilsynet er førehandsvarsla eller ikkje vil sakshandsamar skrive ein tilsynsrapport. Dersom det er funnet avvik vil kommunen gi frist for retting.

Dersom tilsynet retter seg mot ein profesjonell aktør vil Direktoratet for byggkvalitet få kopi av tilsynsrapporten dersom det er registrert alvorlege avvik.

Tilsynsrapport

I alle saker kommunen gjennomfører tilsyn vert det laga ein tilsynsrapport. Dersom det vert funnet avvik vil kommunen gi ein frist for retting. Dersom forholdet ikkje vert retta innan fristen vil kommunen kunne starte ein prosess med pålegg om retting. Dersom tilsynet rettar seg mot profesjonelle aktørar vil Direktoratet for byggkvalitet få kopi av tilsynsrapporten derosm det er registrert alvorlege avvik. 

Retting

Avvik som vert funne på tilsyn som er i strid med plan-og bygningslova, gitt løyve eller annet lovverk skal rettes. Normalt vil eit avvik rettes ved at ein tilbakefører eller søker om tiltaket i ettertid. 
Dersom ein ikkje lykkes med å få dei naudsynte løyva vil kommunen kunne gi pålegg om retting. 

Saskgang for ulovlegheitsoppfølging

Førehandsvarsling pålegg og tvangsmulkt
Dersom det under tilsynet vert oppdaga ein ulovlegheit, vil grunneigar få eit brev der kommunen førehandsvarsla at det vil kunne komme eit pålegg om retting og tvangsmulkt. 
Tilsynsrapporten vert vedlagt. Det kan i nokre saker også vere aktuelt å gi stoppordre. 

Vedtak om pålegg og tvangsmulkt: Etter fristen for førehandsvarslinga er utløpt, vil grunneigar få eit nytt brev med ein endeleg frist for retting av tiltaket. Denne fristen vert sett etter i konkret vurdering på alvorlegheit, kor lang tid det tek å få rydda opp i ulovlegheiten, og andre relevante faktorar. Det vert også i brevet varsla om at tvangsmulkt begynner å løpe frå den dagen fristen for retting går ut.

Avslutting på sak:
Saka vert avslutta når ulovlegheiten opphører, som oftest ved at tiltaket vert
·        søkt om og gitt løyve til, eller
·        at ulovlegheiten vert reve/fjerna

Overtredingsgebyr:
Etter plan- og bygningsloven kan kommunen ilegge overtredelsesgebyr som en sanksjon for overtredelser av plan- og bygningslovgivningen.

Hvilke overtredelser som kan gebyrlegges følger av plan- og bygningsloven § 32-8. Videre følger det av SAK 10 § 16-1 hvilke forhold som kan medføre overtredelsesgebyr og hvilken størrelse gebyret kan få.


Tilsynsstrategi:
Tilsynsstrategi-pbl. (PDF, 4 MB)