FELLESFYRVERKERI:

innsamling til fellesfyrverkeri vipps til 582357 - Klikk for stort bilete

Ny reguleringsplan

Ny reguleringsplan

Illustrasjon av tidslinje for planprosess. - Klikk for stort bilete Hareid kommune

Har du eit område i kommunen vår som du ynskjer å utvikle? Eller er du ein profesjonell aktør som skal regulere og utvikle eit bustadfelt? Her finn du uansett informasjonen du treng for å kome i gong med ein reguleringsplan som forslagsstillar. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Oppstartsmøte og planiniativ

For alle som skal utarbeide private reguleringsplanar er det i pbl §12-8 stilt krav om oppstartsmøte. Dette er eit møte mellom kommunen som planmynde, og forslagsstillar, inkl. fagkyndig. I møtet skal forslagsstillar legge fram planspørsmålet for kommunen. Kommunen kan gi råd om korleis planen bør utarbeidast. Det skal skrivast referat frå møtet.

Forarbeid til oppstartsmøtet:

Forslagsstillar må fylle ut skjema for bestilling av oppstartsmøte, dette samt vedlegg må sendast til kommunen sitt Postmottak (postmottak@hareid.kommune.no). Krav til innhald i planiniativet følger forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven § 1.  

Komplett bestilling av oppstartsmøte ligg føre når kommune sitt Postmottak (postmottak@hareid.kommune.no) har motteke ferdig utfylt dokument (inkl. skjema for planiniativ), samt vedlegg.

Når dette ligg føre vil de i løpet av kort tid få tilsendt forslag til møtetidspunkt.

Målet med planiniativet og oppstartsmøte er med anna å avklare viktige forutsetninger for planarbeidet så tidleg som mogleg.

Oppstartsmøter er gebyrbelagt, sjå her for pris.

NB! Finner kommunen at et privat planinitiativ ikkje bør føre frem, kan kommunen slutte at initiativet skal stoppes, jf. pbl § 12-8, 2. ledd. 

Førebuande møte: 

Før oppstartsmøtet kan det vere behov for eit førebuande møte. Dette for å avklare eventuelle utfordringar på et tidlig stadium av planprosessen.

Til det førebuande møtet er det fint om forslagsstillar har ei skildring av korleis ein ser føre seg reguleringa, samt andre aktuelle problemstillingar og avklaringsforhold.

Planprogram

Krev reguleringsplanen at det vert utarbeid planprogram?

For kva planar dette gjeld for og kva eit planprogram inneber, sjå PBL. §12-9.

Første ledd i §12-9 sei: «For planer som kan få vesentlige virkninger for miljø og samfunn, skal det utarbeides planprogram etter reglene i § 4-1.»

Om det skal utarbeidast planprogram eller ikkje må verte avklara seinast i oppstartsmøtet. 

Kunngjering og varsel om oppstart

Etter oppstartsmøtet skal berørte partar, myndigheiter og andre interesserte varslas om at planarbeidet har starta opp. Det er forslagsstillar som har ansvaret for å gjennomføre kunngjering og varsling. Dette skal skje i tråd med PBL. §12-8 tredje ledd.

Eigarliste over alle grunneigarar og naboar til planområdet kan bestillast på kommunen sitt e-torg.

Liste over andre høyringspartar får ein med kommunen ved å ta kontakt med din sakshandsamar i plansaka. 

 

Hareid kommune (postmottak@hareid.kommune.no) skal alltid varslas ved oppstart med følgande dokument:

  • Kopi av kunngjering planoppstart/planprogram til offentleg ettersyn med påført innrykksdato,
  • Varslingsbrev
  • Varslingsliste (grunneigarar, naboar og høyringsinnstansar), SOSI-fil av planavgrensinga.

 

Det er kommuneadministrasjonen som hjelp forslagsstillar å annonsere kunngjeringa på heimesidene til kommunen, samt oppdaterer planregisteret.

Utarbeiding av planforslag

Det er plankonsulent (fagkyndig), i samråd med forslagsstillar, som utarbeidar planmaterialet som skal sendast til kommunen for handsaming.

Innhaldet i reguleringsplanen skal følgje PBL, kapittel 11.

Alle private forslagsstillarar må nytte Hareid kommune sin mal for føresegner. Malen får ein tilsendt etter oppstartsmøtet. 

 

Andre nyttige lenker til utarbeiding av ein reguleringsplan:

Sjekkliste for ROS-analyse utarbeida av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Sjekkliste for karttekniske krav til reguleringsplan utarbeida av Kartverket

Ulike malar for reguleringsplanprosessen utarbeida av Regjeringa

Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister utarbeida av Regjeringa

Feltnamn for arealplanar utarbeida av Regjeringa

 

Kommuneplanens arealdel, interkommunal kystsoneplan, gjeldande reguleringsplanar og eventuelt andre kommunedelplanar vil legge føringar for eit detaljreguleringsarbeid.

Ein finn alle planar, både godkjende og dei som er under arbeid, i kommunens planregister. 

I tillegg er kommunen sitt e-torg ein nytting teneste der ein med anna kan bestille:

  • Eigarliste
  • Områdeanalyse
  • 3D-modell
  • Basiskart i SOSI
  • Gjeldande plan i SOSI

 

Handsaming av planforslaget

Når kommunen har fått tilsendt komplett planforslag skal dette kontrollerast, og det skal avgjerast om planforslaget skal sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn og handsamas etter reglane i §§12-9 og 12-10, jf. §12-11.

Dersom det vert bestemt at planforslaget skal fremjast utarbeidar planleggar politisk sak med tilråding om utlegg til høyring/offentleg ettersyn. Vedtek Formannskapet å legge reguleringsplanen ut til høyring/offentleg ettersyn er det planleggar i kommunen som sender planmaterialet på høyring og legg det ut på offentleg ettersyn på kommunen si heimeside, samt annonse i lokal avis.

Godkjenning av reguleringsplan

Når planforslaget er ferdig handsama og det ikkje ligg føre motsegn vil planleggar fremje sak for politikarane om vedtak av reguleringsplanen, jf. §12-12. Det er kommunestyret som vedtek reguleringsplanar i Hareid kommune.
Reguleringsplanen skal så kunngjerast i avis og på kommunens heimeside, i tillegg skal vedtaket om godkjent reguleringsplan underrettast registrerte grunneigarar, heimelshavarar, naboar og andre direkte berørte av planen, samt offentleg mynde. Underretninga skal inneha opplysningar om klageadgangen og frist for klage. Dette følger av PBL. §12-12.

Klage på reguleringsplan følger forvaltningslovas reglar. For spørsmål om dette kontakt kommunen.