Grensepåvisning

Grensepåvisning

Om du ønsker å få påvist og eventuelt merka ei grense som er koordinatbestemt eller skildra tidlegare ved oppmålingsforretning, skylddeling og liknande, kan du tinge ei grensepåvisning hjå oss.

Kva kan du forvente?

Grensepåvisning er ei oppmålingsforretning etter matrikkelova der det ikkje vert gjort nokon endringar i grenseforhold. Vi vil i ein slik situasjon bruke målebrev og andre dokument som finnast i kommunens og andre offentlege og plassere grensepunkta i marka i.h.t gjeldende standard. Partane, grunneigar og andre berørte, skal samtykke med plasseringa.

Dette kan vere praktisk før bygging av nye bygg, oppsetting av gjerder, hekkar og liknande. Naboar skal innkallast.

Korleis får du tenesta?

Heimelshavarar og andre omtale i matrikkelova § 9 kan rekvirere grensepåvisning.

Rekvisisjonsskjema finn du her:
Rekvisisjon av oppmålingsforretning for tiltak som ikkje krev løyve etter PBL.

Lover

Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)