Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering og reseksjonering

Å seksjonere er å dele ein eigedom opp i fleire eigarandelar, der kvar seksjonseigar har einerett til å bruke ein bestemt brukseining i eigedommen. Dette kan f.eks. vere ei leiligheit i ein fleirmannsbustad. Ein seksjonert eigedom er eit sameige, men kvar seksjon er eit eige pante- og salsobjekt.
Seksjonering egnar seg blant anna for oppdeling av bustadblokker, horisontaldelte to- og firemannsbustader. Ein seksjon vil vere ein eigen juridisk eining som kan omsettast og belånast uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane.

Reseksjonering er ei ny seksjonering av ein eller fleire seksjonar i allereie seksjonert eigedom.

Kven kan søke?

Søknad om seksjonering må settast fram av heimelshavar til eigedommen. Heimelshavar er den eller dei som er tinglyst som eigarar av eigedommen. Dersom det er snakk om festa grunn, er det i utgangspunktet tilstrekkeleg at festaren skriv under på søknaden.

Andre kan søke på vegne av heimelshavar, men det må då leggast ved skriftleg fullmakt. Fullmakta må vere original eller stadfesta rett kopi.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

For å kunne behandle søknaden, må det sendast inn søknad på standardisert skjema. I tilfelle der ein ønsker å få oppmålt uteareal til seksjon, må det leggast ved rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring.   

Linkar til skjema og rettleiingar

Kva slags vedlegg som skal følge søknaden, står oppført på søknadsskjemaet.  

Søknaden må ha originale underskrifter. Det same gjeld for eventuelle erklæringar.  

Vilkår for reseksjonering er lista opp i eigarseksjonslova § 7, og er nærare omtala i Veileder til eierseksjonslovens offentligrettslige regler. Denne rettleiaren er i utgangspunktet meint som eit hjelpemiddel for sakshandsamar, men kan vere nyttig også for søkar. 

Kva kan du forvente?

For å få etablert ein seksjon, må brukseininga(ene) vere godkjend etter plan- og bygningslova sine reglar for det formålet den skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, medfører dette at pålagte bygningsmessige tiltak må vere gjennomført før seksjonering kan skje.

Når kommunen har mottatt søknad om seksjonering, vil denne bli registrert og gjennomgått. Dersom der er feil eller manglar, vil det bli gitt frist for retting. Når komplett søknad er mottatt, vil vi sjekke om vilkåra for seksjonering er til stade. Dersom vilkåra er oppfylt, blir det fatta vedtak. Når klagefristen på 3 veker er ute, blir dokumenta sendt til tinglysing. I tilfelle der ein ønsker å få oppmålt uteareal til seksjon vil ein avhalde oppmålingsforretning over dette.
Etter at dei tinglyste dokumenta er mottatt i retur, sender vi desse til søkar, saman med matrikkelbrevet for dei nye seksjonane. Faktura blir sendt til søkar i eiga sending.

Reseksjonering

Reseksjonering er ei ny seksjonering av ein eller fleire seksjonar i allereie seksjonert eigedom. Døme på dette er når areal blir overført frå ein seksjon til ein annan eller det blir oppført nye bygg på eigedommen som ein seksjon skal disponere som ein tilleggsdel.

Ved reseksjonering i form av deling eller samanslåing av seksjonar, er det heimelshavarar som kan søke. I nokre tilfelle er det krav til at styret i sameiget må samtykke til reseksjoneringa. Dette står det meir om i eigarseksjonslova § 20. I andre tilfelle av reseksjonering, er det styret som må fremme søknad, jf. eigarseksjonslova § 21.

I tilfelle der reseksjonering føyrer til at teljaren i sameigebrøken vert endra kan det oppstå krav om dokumentavgift. Det kan også vere naudsynt med pantefråfall. 

Seksjonering av uteareal

I tilfelle der ein ønsker å ha uteareal knytt til ein seksjon, kan ein rekvirere oppmåling av uteareal. Skjema for Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring med vedlagt situasjonskart, må då sendast til kommunen saman med søknad om seksjonering/reseksjonering.

Dersom dei nye eller endra grenser for uteareal er eintydig fastsett med i kartmaterialet med koordinatar kan ein gjennomføre oppmålingsforretning utan oppmøte i marka (kontorforretning).

Les meir i eigen artikkel om oppmålingsforretning.

Korleis får du tenesta?

Søknad om seksjonering og reseksjonering

Pris på tenesta

Gebyr for eigarseksjonering

Gebyr for eigarseksjonering
Gebyr Pris
Oppretting av eigarseksjonar på nybygg
Inntil 4 seksjonar 8057
Frå 4 seksjonar, tillegg pr. ny seksjon 560
Oppretting av eigarseksjonar på eksisterande bygg
Inntil 4 seksjonar 11304
Frå 4 seksjonar, tillegg pr. ny seksjon 560
Reseksjonering
Inntil 4 seksjonar 11304
Frå 4 seksjonar, tillegg pr. ny seksjon 560
Oppløysing av sameige
Oppløysing av heile sameige 4812
Saker som ikkje vert fullført
Saker som vert trekt av søkjar før handsaming startar 0
Saker som vert trekt av søkjar etter at handsaming er starta 50 % av sats etter type sak
Saker som kommunen gir avslag på 80 % av sats etter type sak
Oppretting av seksjon med tilleggsdel uteareal
Sjå forskrift om gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova § 5.1.3

 

Lover

Lov om eierseksjoner (eigarseksjonslova)