Avlasting barnDenne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Lovgrunnlag Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2, 6d. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1a Rett til klage Lov om pasient- brukerrettigheter § 7 - 2. IPLOS-registrering Ja. IPLOS-tenestetype 7: Avlasting utanfor institusjon. IPLOS-tenestetype 8: Avlastning i institusjon. Kostnad Det er ikkje krav om eigenbetaling. Mål for tenesta Hindre overbelastning, gje omsorgsytar nødvendig fritid og ferie og mogelegheit til å ta del i vanlege samfunnsaktivitetar. Kriterier for tildeling Føresette og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid Omsorgsbehovet er av ein slik art at det gjev avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig ferie/ fritid for omsorgsytaren Omsorgsbehovet er av fysisk, psykisk eller sosial karakter, og langt større enn det som er normalt å forvente ut frå barnet sin alder Praktiske opplysningar Avlasting kan skje i heimen til barnet, i anna privat heim eller bustad velferd disponerar til avlastning Tildeling av avlasting vert vurdert opp mot andre tenester og tiltak frå kommunen Ekstra avlastingstilbodet gjeld i utgangspunktet ikkje på høgtidsdagar Ved behov for avlasting utover det som ligg i vedtaket må føresette søke særskilt om dette. Til dømes feriestengd skule eller barnehage Barnet må ha med nødvendig personleg utstyr, klede, sko, medisinar, hjelpemiddel m.m. når dei skal på avlasting Forventningar til tenesteytar Opptrer på ein respektfull måte overfor barn og foreldre Utarbeider tidsfesta plan for avlasting Utpeiker kontaktperson eller primærkontakt til barnet Tenesta inkluderer ikkje Utgifter til aktivitetar som t.d. bowling, kino, bading etc. Det kan difor vere greitt at barnet har med litt «lommepengar» for å ha høve til å delta på slike aktivitetar i samband med avlastinga. Forventningar til tenestemottakar/føresatte Gjer seg kjent med innhaldet i vedtaket Sørger for transport til/frå avlasting (om ikkje anna er avtalt med tenesteytar), inkludert transport av nødvendig utstyr Gjev beskjed så snart som råd dersom barnet ikkje kjem til avtalt tid Merknad Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon. Publisert 25.01.2022 11:35 Sist endra 18.07.2023 04:41