Bustad med heildøgns bemanning bu- og habiliteringstenestaDenne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Lovgrunnlag Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-7. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a. Rett til å klage Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2. IPLOS-registrering Ja. IPLOS-tenestetype 13 Anna bustad nytta til pleieføremål. Kostnad Bebuar inngår husleigekontrakt og betalar husleige og straum til kommunen. Mål for tenesta Å kunne huse bebuarar med nedsett funksjonsnivå slik at desse kan ha eit mest mogleg sjølvstendig liv. Kriterier for tildeling Personar med fysisk, psykisk eller sosialt funksjonstap med behov for tilsyn/omsorg heile eller delar av døgnet Praktiske opplysningar Kommunen har heildøgnsbemanna bustadar knytt til bu- og habiliteringstenesta Kan vere ulike kriterier som ligg til grunn for tildeling av dei bustadane Søkar kan ikkje søke på ein bestemt bustad etter lokalisering. Kommunen tildeler den bustad som er ledig og stettar behova til søkaren Dersom ein takkar nei til tildelt bustad vert saka avslutta og det må søkast på nytt dersom behovet endrar seg Leigeforholdet vert regulert av Husleigelova Leigetakar kan søke bustøtte hjå Husbanken Leigetakar må sjølv møblere bustaden og ha eiga innbuforsikring Tenestemottakar må sjølv melde flytting til folkeregisteret, posten mm. Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer Dagleg vedlikehald som reinhald, skifte lyspærer, opne tette slukar og liknande som er knytt til normal slitasje/forbruk er eit privat ansvar Nedvask av bustad Forventningar til tenesteytar Tenesteytar opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar Vidareformidle meldingar om feil eller manglar ved bygget til eigedom og FDV via Famac Forventningar til tenestemottakar Opptrer respektfullt i møte med tenesteytar Deltek i dagleglivet sine gjeremål i den grad vedkomande klarar det Søker om tenester i bustaden som til dømes matombering Gjer seg kjend med vedtak Bebuar seier opp bustad ved opphøyr. Bebuar/pårørande har ansvar for utflytting og nedvask av bustaden. Husleige skal betalast til den 15. ved utflytting første halvdel av månaden og for heile månaden ved utflytting i siste halvdel. Utflytting og nedvask vert gjort snarast råd etter at leigebehovet er avslutta Merknad Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon. Publisert av Helga Bøe Sist endra 25.01.2022 12:21