FELLESFYRVERKERI:

innsamling til fellesfyrverkeri vipps til 582357 - Klikk for stort bilete

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Føremålet med BPA (brukarstyrt personleg assistanse)  er å gje personar med stort hjelpebehov større fridom til å styre tenestene og kvardagen sin sjølv.

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-8.
Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a og 2-1 d

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2. 

IPLOS-registrering

Ja.
IPLOS-tenestetype 3: Brukarstyrt personleg assistent.

Kostnad

Det er krav om eigenbetaling etter gjeldande sats for den delen som handlar om praktisk bistand til daglege gjeremål. Årleg revidering av satsane, jf. statlege satsar og kommunestyrevedtak.

Mål for tenesta

Bidra til at personar med store funksjonsnedsettingar eller som har eit stort hjelpebehov i dagleglivets aktivitetar får eit aktivt og mest mogleg sjølvstendig liv.

Kriterier for tildeling
  • Søkar må vere under 67 år og ha eit stort og langvarig (meir enn 2 år) behov for hjelp. Personar med assistansebehov over 25 timar per veke kan få tenestene sine vurdert organisert som BPA
  • Funksjonssvikt og hjelpebehov må vere av ei slik art at det er mest hensiktsmessig å organisere tenesta som BPA og ikkje meir tradisjonelle tenester som t.d. praktisk bistand og støttekontakt
  • Tenestemottakar evner å ivareta arbeidsleiarrolla. Alternativt ha ein person som kan fungere som medarbeidsleiar
Praktiske opplysningar
  • BPA er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp for menneske med funksjonsnedsetting og med stort og langvarig behov for bistand i dagleglivet
  • Enkle helsetenester kan leggast inn i BPA, men tid til helsetenester skal ikkje takast med i utrekninga om søkar har rett på å få tenestene organisert som BPA eller ikkje
  • BPA byggjer på prinsippet om brukarstyring
  • Vedtaket kan bli forlenga om det vert fatta før fylte 67 år
  • Arbeidsgjevaransvaret i BPA-ordninga kan takast i vare av ekstern tenesteleverandør godkjent av Hareid kommune. Tenestemottakar må sjølv velje kva leverandør vedkomande vil ha til å drifte ordninga ut frå dei leverandørar kommunen har avtale med
  • Kommunen har det overordna ansvar for kontroll av BPA -ordninga t.d. når det gjeld kvaliteten på tenesteytinga, forsvarlegheit og arbeidstilhøva til assistentane. Kontrollen skal gjennomførast årleg og skal varslast på førehand med brev
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer
  • Tenester som krev fleire enn ein tenesteytar til stades, eller nattenester, med mindre brukaren kontinuerleg har behov for slike tenester
  • Hjelp i høve skule og arbeid
  • Personar som får tildelt teneste må vere i stand til å ta arbeidsleiarrollen eller ha ein nærståande person som kan vere medarbeidsleiar
  • Retten gjeld så lenge tenestemottakar oppheld seg i kommunen
Forventningar til tenesteytar

Rutine for årleg kontroll og oppfølging av BPA til tenestemottakar, arbeidsleiar og leverandør

  • Gi tenestemottakar nødvendig informasjon og bistand til å skaffe seg BPA frå ønska leverandør godkjent i Hareid kommune etter at vedtak er fatta
Forventningar til tenestemottakar
  • Inngår skriftleg kontrakt med Hareid kommune og leverandør
  • Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket
  • Disponerer tildelte timar etter vedtak og lova sitt føremål
  • Heimen er tilrettelagt for at assistenten får eit godt arbeidsmiljø og eventuelt tek initiativ til, eller tek i mot hjelp til utbetring av bustad
  • Gi kommunen tilstrekkeleg innsikt i BPA-ordninga for å kunne kontrollere at tenestetilbodet er fagleg forsvarleg og at leverandør følger gjeldande lovverk

 

Leverandørar av BPA

Desse leverandørane kan du som innbyggar i Hareid velge mellom:

Namn

Kontaktinformasjon

Nettstad

Stendi AS Tlf. 97480800/ assistanse@stendi.no www.stendi.no
Abcent AS Tlf. 35100250/ post@abcent.no www.abcent.no
Mio BPA Tlf. 40054007/ bpa@mio.no www.mio.no/bpa
Uloba AS Tlf. 32205910/ post@uloba.no www.uloba.no
Prima Assistanse AS Tlf. 22150100/ post@primaassistanse.no www.prima-assistanse.no
Assister meg AS Tlf. 40000303/ post@assistermeg.no www.assistermeg.no
Ecura hjemmetenester og BPA Tlf. 69129600/ bpa@ecura.no www.ecurabpa.no
Assent AS Tlf. 55385000/ bpa@assent.no www.assent.no
Human Care AS Tlf. 95043000/ bpa@humananorge.no www.humananorge.no
Machri Tlf. 92484615 post@machri.no www.machri.no
Medvind Assistanse Tlf. 99594605/ post@medvindassistanse.no www.medvindassistanse.no
JAG Assistanse AS Tlf. 96209666/ post@jagassistanse.no www.jagassistanse.no
Abri Dialogue BPA AS Tlf. 51656000/ post@abridialogue.no www.abridialogue.no
Solid Assistanse AS Tlf. 91145990/ post@solid-assistanse.no www.solid-assistanse.no
HAV AS Tlf. 22591100/ bpa@hav2care.no https://www.2care.no/bpa/bpa

Kontakt

Tommy Anzenberger
konsulent
E-post
Mobil 90 63 16 94