FølgjekortFølgjekort gjer det mogeleg for funksjonshemma å ha med seg følgje på diverse fritids- og kulturarrangement utan at følgjehjelpar må betale inngangsbillett. Lovgrunnlag Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Rett til klage Nei. IPLOS-registrering Nei. Kostnad Det er ikkje krav om eigenbetaling. Mål for tenesta Motverke isolasjon og bidra til auka livskvalitet hjå menneske med nedsett funksjonsnivå. Kriterier for tildeling Brukaren har fysiske og/eller psykiske utfordringar som fører til at han/ho har behov for følgeperson ved t.d. kinobesøk, kulturelle arrangement osv. Praktiske opplysningar Følgekortet er eit dokument som er utforma som eit kort med bilete av brukaren. Kortet kan brukaren vise ved inngang til t.d. kino eller andre kulturelle arrangement då det kan gje følgeperson gratis inngang eller reduksjon i pris Følgekortet er tidsavgrensa til maksimalt 3 år Det er servicetorg og politisk sekretariat som handsamar søknad og utstedar følgekort Forventningar til tenesteytar Det går fram av beviset om brukar har trong for ein eller to personar som følge. Forventningar til tenestemottakar Gjev nødvendige opplysningar i høve til søknad, inklusiv passfoto Må levere legeerklæring ilag med søknaden Gjer seg kjend med korleis følgekortet skal nyttast Tek kontakt med kommunen ved endring i eigen situasjon Søker på nytt, inkl. nytt passfoto, før følgekortet går ut på dato. Det står utløpsdato på kortet Merknad Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon. Publisert 25.10.2018 14:54 Sist endra 29.07.2024 09:37