Hadartun - omsorgsbustad med bemanning delar av døgnet

Hadartun - omsorgsbustad med bemanning delar av døgnet

Sektor for velferd disponerer 35 omsorgsbustadar ved Hadartun. Av desse vert 33 nytta til langtidsutleige og 2 til tidsavgrensa (midlertidig) opphald. Det er viktig å presisere at dette ikkje er sjukeheimsplassar, men omsorgsbustadar der bebuar får heimetenester.

Kvart husvære er på om lag 50 kvadratmeter, og inneheld bad, soverom, stove med open løysing til kjøken og eigen veranda og bod. Husvære til langtidsutleige er utan møblar og kvitevarer. Husværa som vert nytta til tidsavgrensa opphald er møblert.

Søknadsskjema

Vi har eit felles søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenestene våre. I skjemaet fortel du om behova du eller dine nær har, så vil kommunen vurdere kva teneste som er best eigna til å dekke behova innafor våre rammer og kvalitetsstandardar.

Du kan søke på vegne av andre. Då loggar du på med din bank-ID. For å søkje for andre må du ha fullmakt. Den kan du laste ned her [lenke til fullmakt] og skrive ut slik at den du søkjer for kan signere.

Felles søknadsskjema om helse- og omsorgsteneste

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-7. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

IPLOS-registrering

Ja. IPLOS-tenestetype 12: Omsorgsbustad. IPLOS-tenestetype 13: Anna bustad nytta til pleieføremål.

Kostnad

Bebuar tildelt teneste 12 inngår husleigekontrakt med sektor for kommunale bygg og betaler husleige og straum. Tenestemottakar tildelt teneste 13 betalar døgnpris etter kommunalt vedteke sats.

Mål for tenesta

Omsorgsbustaden skal bidra til at bebuaren kan vere mest mogleg sjølvstendig og trygg samt at offentleg teneste skal vere lett tilgjengeleg. Tildeling skjer etter LEON-prinsippet.

Kriterier for tildeling
  • Søkar treng særskilt tilrettelagt bustad og er ikkje i stand til å skaffe dette sjølv eller få hjelp til dette med andre
  • Helsemessige, økonomiske, psykiske eller sosiale forhold må ligge til grunn for tilbod om omsorgsbustad gjennom kommunen
  • Søkar må som hovudregel ha vore folkeregistrert i kommunen i minst dei to siste åra
Praktiske opplysningar

Kommunen har 35 omsorgsbustader der 33 vert nytta til langtidsutleige og 2 til tidsavgrensa opphald. Leigetakar får ikkje automatisk tildelt andre tenester og må søke på lik linje med andre heimebuande. Tildeling av andre tenester vert gjort ut frå individuelle vurderingar.

Særskilt for omsorgsbustader:

  • Ved tildeling av omsorgsbustad vet det inngått husleigekontrakt med Hareid kommune, kommunal eigedom
  • Leigeforholdet vert regulert av Husleigelova
  • Husleigesats er per dags dato 34,5% av brutto inntekt eller maksimum kr 7.930 og skal betalast innan den 20. kvar månad
  • Leigetakar kan søke bustønad hjå Husbanken. Søknad om stønad vert sendt ilag med signert leigekontrakt til utleigeansvarleg, kommunal eigedom
  • Søkar kan ikkje søke på ein bestemt bustad etter lokalisering. Kommunen tildeler den bustad som er ledig og stettar behova til søkar
  • Om ein takkar nei til tildelt bustad vert saka avslutta og det må søkast på nytt dersom behovet endrar seg
  • Tenestemottakar må sjølv møblere bustaden og ha eiga innbuforsikring
  • Bebuar som ikkje greier å vaske opp for hand vert oppmoda om å skaffe oppvaskmaskin for benk
  • Tenestemottakar må sjølv melde flytting til folkeregisteret, posten mm.

Særskilt for tidsavgrensa opphald:

  • Lengde på tidsavgrensa opphald vert regulert gjennom individuell vurdering og enkeltvedtak
  • Opphaldet kan verte gitt som betalingsopphald eller avlastningsopphald (gratis) ut frå individuelle vurderingar
  • Opphald kan gis til heimebuande med kronisk eller akutt funksjonstap der det ikkje er behov for sjukeheim eller sjukehusopphald
  • Kan gis til pasientar som eit mellomledd til heim etter utskriving frå sjukeheim eller sjukehus
Tenesta inkluderar ikkje

Dagleg vedlikehald som reinhald, skifte lyspærer, opne tette slukar og liknande som er knytt til normal slitasje/forbruk er eit privat ansvar for omsorgsbustader med langtidleige.

Forventningar til tenesteytar

Vidareformidle meldingar om feil eller manglar ved husværet til kommunal eigendom via heimetenesta

Forventningar til tenestemottakar
  • Opptrer respektfullt i møte med tenesteytar og medbebuarar
  • Deltek i daglege gjeremål i den grad vedkomande klarar det
  • Søker om tenester i bustaden, som til dømes heimesjukepleie, matombering og praktisk bistand (heimehjelp)
  • Gjer seg kjend med vedtaket
  • Har vurdert nødvendige utbetringar av eigen bustad før ein søker omsorgsbustad
  • Har vurdert å kjøpe eller leige funksjonell bustad på den private marknaden, men at dette ikkje har ført fram
  • Bebuar eller pårørande seier skriftleg opp bustad ved opphøyr og tek ansvar for nedvask ved utflytting. Oppseiing sendast til kommunal eigendom
  • Gjev beskjed til heimeteneste dersom ein oppdagar manglar eller skade på husværet
  • Gjev beskjed til heimetenestene dersom ein reiser bort ei periode
Merknad

Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon.

Kontakt

Monica Andreassen Lynge
kreftkoordinator
E-post
Mobil 46 80 13 12
Sutharsiny Satheeskumar
einingsleiar
E-post
Mobil 47 68 28 34
Tonje Holstad
fagkoordinator
E-post
Mobil 91 56 67 33