FELLESFYRVERKERI:

innsamling til fellesfyrverkeri vipps til 582357 - Klikk for stort bilete

Parkeringsløyve

Parkeringsløyve

Har du ei funksjonshemming som gjer at du ikkje kan gå så langt? Da kan du rett på parkeringsløye.

Lovgrunnlag

Parkeringsbevis er heimla i vegtrafikklova, FOR 1994-03-15 nr. Forskrift om parkering for forflytningshemmede.

Rett til klage

Ja. Forskrift om parkering for forflytningshemede § 3.

IPLOS-registrering

Nei

Kostnad

Det er ikkje krav om eigenbetaling.

Mål for tenesta

Lette tilgjenge for personar med forflyttingsvanskar.

Kriterier for tildeling
  • Fører av motorvogn som har særleg behov for parkeringslette i samband med bustad, arbeid og/eller annan aktivitet fordi vedkomande ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege seg over noko lengde
  • Passasjer som har særleg behov for parkeringslette i samband med bustad, arbeid og/eller annan aktivitet fordi vedkomande ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege seg over lengre avstandar
  • Behovet må vere langvarig, dvs. meir enn 2 år
  • Legeerklæring må leggast ved søknaden eller ettersendast
Praktiske opplysningar
  • Søknad på eige skjema. Dette finn du på kommune si heimeside eller ved å vende deg til servicetorg og politisk sekretariat
  • Legeerklæring og passfoto må leggast ved. Obs. at søknaden ikkje vert handsama utan at det ligg føre legeerklæring
  • Parkeringsløyve vert gitt for minimum 2 år og maks 5 år
  • Det er ikkje nødvendig med ny legeerklæring ved fornying
  • Ved misbruk av parkeringsløyvet kan kommunen dra det inn
Forventningar til tenestemottakar

Tenestemottakar tek ansvar for at legeerklæring vert sendt

Kontakt

Sissel Nevstad
konsulent
E-post
Mobil 94 87 30 10