Dagaktivitetstilbod til personar med psykisk helse- og/eller rusutfordringDenne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Lovgrunnlag Lov om helse- og omsorgstjenester § 3-3. Rett til klage Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2. IPLOS-registrering Ja. IPLOS-tenestetype 4: Dagaktivitetstilbod. Kostnad Det er ikkje krav om eigenbetaling Mål for tenesta Eit helsefremmande tiltak som skal bidra til auka sosial deltaking i eit fellesskap og nettverksbygging. Førebygge isolasjon samt motivere og gje hjelp og støtte til å meistre utfordringar i kvardagen. Kriterier for tildeling Fellesskapet dagaktivitetstilbod er eit lågterskeltilbod for menneske over 18 år som har psykiske vanskar/lidingar og eventuelt rusproblem Tenestemottakar får tenesta ved tilvising frå lege, spesialisthelsetenesta eller ved å ta direkte kontakt med tenesta Praktiske opplysningar Fellesskapet dagaktivitetstilbod held til i 1. etasje ved Hadartun med eigen inngong ned mot sentrum Opningstid er måndag 11:30 – 15:00 Ved Fellesskapet møtest tenestemottakar i ei trygg og open atmosfære og driv ulike aktivitetar med dei ressursar de har Fellesskapet er i stor grad brukarstyrt og brukarane er med å forme dagane sjølve Tilbod om kreativ aktivitet, trim, friluftsaktivitet og lesegruppe Det kan vere aktuelt med eigenandel til utgift ved turar og felles lunsj Fellesskapet har 4 veker sommarstengt Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer Det er ikkje høve til kommunal transport til og frå tenestetilbodet Forventningar til tenesteytar Opptrer respektfullt i møte med tenestemottakarar. Forventningar til tenestemottakar Opptrer respektfullt i møte med tenesteytar Opptrer respektfullt i møte med andre brukarar Tek med seg nødvendig medisin og hjelpemiddel Merknad Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon Publisert 21.02.2022 11:35 Sist endra 10.05.2023 12:47