Ein fysioterapeut førebygger og behandlar tilstandar som gir smerter og/eller nedsett funksjon i muskel- og skjelettsystemet. Målet er at pasienten kan utvikle, gjenvinne eller halde ved like funksjonsevna, utnytte eigne ressursar og bidra aktivt i å betre eiga helse. Behandling er basert på undersøking og vurdering av pasienten si utfordring og kva pasienten sjølv ynskjer hjelp til.
Tenesta er delt inn i kommunalt tilsett kommunefysioterapeut og privatpraktiserande fysioterapeutar med driftstilskot.