Individuell plan og koordinator

Individuell plan og koordinator

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Lovgrunnlag

Lov om helse- og omsorgstjenester § 3-1, § 7-1, § 7-2 og § 7-3.
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-5.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

IPLOS-registrering

Nei. Det elektroniske fagverktyet Sampro vert nytta.

Kostnad

Det er ikkje krav om eigenbetaling.

Mål for tenesta

At tenestemottakar opplever at tenestetilboda er meir samordna, og han/ho har ein fast kontaktperson i kommunen.

Kriterier for tildeling
  • Alle som har bruk for fleire og langvarige helse- og omsorgstenester kan få individuell plan og koordinator dersom dei ønsker det
  • I vurderinga skal også tiltak frå andre sektorar takast med
  • Retten til individuell plan er uavhengig av alder, diagnose og funksjon
Praktiske opplysningar
  • Individuell plan er ein prosess for korleis tenestene ein person treng skal medverke saman slik at vedkomande får ei heilskapleg oppfølging tilpassa  sine behov
  • Koordinator er ein av fagpersonane til tenestemottakar som koordinerer tenestene og sikrar framdrift i arbeidet med den individuelle planen til vedkomande. Ulike yrkesgrupper kan ha rolla som koordinator. Tenestemottakar sine ønskjer skal vektleggjast ved val av koordinator
  • Koordinator sørgjer for at tenestemottakar, og eventuelt pårørande, vert involverte tett i arbeidet med planen
Forventningar til tenesteytar
  • Forventningar til dei som tildeler tenesta:
    • Informere om og tildele individuell plan og koordinator der dei ser det kan vere eit behov for dette
  • Forventningar til koordinator:
    • Involvere tenestemottakar og utarbeide ein plan basert på måla til vedkomande
    • Ha oversikt over situasjonen til tenestemottakar'
    • Bidra til at koordinerte tenester samarbeida
    • Bidra til at tenestemottakar opplever at tenestene heng saman slik at vedkomande kan jobbe mot å nå måla sine
Forventningar til tenestemottakar
  • Tenestemottakar/føresette skal vere ein aktiv part i utarbeiding av individuell plan
  • Vere deltakar i ansvarsgruppemøter
  • Gje tilstrekkeleg fritak frå teieplikta, for at fagpersonane kan samarbeide
Merknad

Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon.