Omsorgsstønad er eit pårørandestøttetiltak som skal bidra til gode rammer for privat omsorg og gjere det mogleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Lovgrunnlag
Lov om kommunale helse og omsorgstjenester § 3-6.
Lov om pasient- og brukerettigheter § 2-1 a.
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerettigheter § 7-2
IPLOS-registrering
Ja.
IPLOS-tenestetype 11: Omsorgsstønad.
Kostnad
Det er ikkje krav om eigenbetaling.
Mål for tenesta
- Omsorgsstønad er eit pårørandestøttetiltak som skal bidra til gode rammer for privat omsorg og gjere det mogleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet
- Omsorgsstønad er meint å gje ein økonomisk verdsetjing for det omsorgsarbeidet den private omsorgsytaren gjer, og kan gis i kombinasjon med eller i staden for andre helse- og omsorgstenester
Kriterier for tildeling
- Vilkåra er at:
- Omsorgsarbeidet er nødvendig
- Det nødvendige omsorgsarbeidet er vurdert til å vere «særleg tyngande»
- Både omsorgsmottakar og omsorgsytar ønsker at omsorgsarbeidet skal halde fram
- Moment som vert tatt omsyn i vurderinga om omsorgsarbeidet er særleg tyngjande:
- Omfanget av arbeidet
- Fysisk og/eller psykisk belastning
- Varigheit, fordeling over tid og når på døgnet
- Omsorgsytar si livs-, arbeids- og familiesituasjon
- Omsorgsplikt
- Inntektstap (gjev ikkje automatisk rett på omsorgsstønad)
- For at omsorgsstønad skal tildelast, må både kommunen og den som har behov for tenestene vurdere omsorgsytar si omsorgsevne som mest tenleg og nødvendig
- Det må vere søkt om hjelpestønad frå NAV
- Omsorgsstønad må vurderast opp mot andre tenester og tiltak
Praktiske opplysningar
- Både omsorgsytar og omsorgsmottakar kan søke på tenesta
- Omsorgsstønad vert gitt for ei avgrensa tidsperiode og vert revurdert ved behov/endra omsorgssituasjon
- Omsorgsstønaden tek ikkje sikte på å godtgjere den som yt omsorg time for time, men er ein kompensasjon for meirarbeidet som vert gjort
- Omsorgsstønad er skattepliktig inntekt
- Timesats for omsorgsstønad er lik begynnarløn for assistentar, jf. HSU-sak 0012/01
- Avtale om omsorgsstønad gjev ikkje rett til feriepengar eller løn under sjukdom
- Hjelpestønad frå NAV og andre tiltak kjem i fråtrekk ved utmåling av omsorgsstønad
- Kommunen kan etter motteke søknad på omsorgsstønad krevje at omsorgsmottakar søker om hjelpestønad frå NAV før søknaden vert handsama
- Omsorgsstønaden vert stoppa og det vert sendt skriftleg varsel når behovet til omsorgsmottakar fell bort
Forventningar til tenesteytar
- Vedtak og avtale om omsorgsstønad vert revurdert innan fristen som er satt for dette.
Forventningar til tenestemottakar
- Gi nødvendig informasjon samt samtykkje til å innhente relevante opplysningar for vurdering og tildeling av teneste
- Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket
- Pliktar å melde frå til einingsleiar eller sakshandsamar dersom:
- Omsorgsytar oppheld seg i institusjon med heildøgns omsorg eller sjukehus i meir enn to veker. Omsorgsstønaden vert då mellombels stoppa
- Det oppstår endringar i omsorgsarbeidet som ligg til grunn for tildelt omsorgsstønad
- Situasjonen til omsorgsytar endrar seg og det oppstår endringar som medfører avbrot i omsorgsarbeidet
Merknad
Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon
Publisert av Helga Bøe
Sist endra 03.10.2023 13:06