Betalingssatsar for velferd

Betalingssatsar for velferd

Betalingssatsar for heimehjelp

Betalingssatsar for heimehjelp

Betalinga blir regulert etter kor stor inntekt brukaren har. Folketrygdas grunnbeløp (G) er per 1. januar 2024 118 620 kroner. For brukarar som har inntekt inntil 2G gjeld betalingssatsen i tabellen uavhengig av kor mange timar den enkelte brukar har fått tildelt. Over 2 G er betalingssatsen 445 kroner per time inntil ein når satsane i tabellen. Tildelte timar utover satsane i tabellen skal ikkje brukaren betale for.
Betalingssatsar for heimehjelp
TIlbod Vedtak for 2023 Vedtak for 2024 Timar
Inntil 2 G per månad – uavhengig av tildelte timar 220 240 Sentral forskrift
Over 2 G pr. månad og time 420 445 Timepris
2-3 G – maksimalsats per månad uavhengig av tildelte timar 1475 1555 Inntil 4 timar
3-4 G – maksimalsats per månad uavhengig av tildelte timar 1845 1945 Inntil 5 timar
4-5 G – maksimalsats per månad uavhengig av tildelte timar 2215 2335 Inntil 7 timar
Over 5 G – maksimalsats per månad uavhengig av tildelte timar 2500 2635 Inntil 8 timar

 

Betalingssatsar for mat frå institusjonskjøken
Betalingssatsar for mat frå institusjonskjøkken
Betalingssatsar Vedtak for 2023 Vedtak for 2024
Full kost per døgn (månad=30 dagar) 190 200
Frukost 65 70
Kveldsmat 65 70
Middag/middagsombering/sal av middag i spisesal 115 120

 

Andre betalingssatsar
Andre betalingssatsar
Tilbod Betalingssatsar 2024 Henta frå
Tryggleiksalarm per månad 400
Korttidsopphald per døgn 193 Sentral forskrift
Dagopphald 110 Sentral forskrift
Nattopphald 110 Sentral forskrift
Mellombels opphald bustad Hadartun 190 per døgn
Dagsenter 180
Langtidsopphald i institusjon Vederlag
Korttidsopphald over 60 døgn Vederlag
Kurdøgnpris institusjon 2635
Fribeløp 10000

 

Eigenandel ved institusjonsopphald

Brukarar som har langtidsopphald på institusjon betalar ein del av inntektene sine i eigenandel. Denne betalinga er regulert i forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester.

Utrekninga av eigenandelen er svært indivuduell og baserer seg på inntekter, gjeldsutgifter, type pensjon og om vedkomande har forsørgeransvar og andre forhold. Brukar, og eventuelt pårørande, skal få god informasjon om kva som ligg til grunn for berekninga av eigenandelen ved starten av opphaldet.

Svært enkelt forklart betalar brukaren 75 prosent av inntekten inntil 1 G (118 620 kroner per 1. januar 2024) og 85 prosent av inntekten over 1 G. Betalinga skal likevel avgrensast slik at alle skal ha minst 25 prosent av 1 G og eit fribeløp som for 2024 er på 9900 kroner.

Kurdøgnprisen, som avgjer maksimal eigenandel, er 2635 kroner i 2024. Det betyr at ingen betaler meir enn 2635 kroner gonger talet på dagar i månaden i eigenandel.

Etter vedtak om langtidsplass vil brukar/pårørende få tilbod om møte med sakshandsamar for informasjon om eigenbetalinga.

Etter at langtidsplass er innvilga vil brukar/pårørende få tilbod om møte med sakshandsamar.

Her vil ein legge fram dokumentasjon som er innhenta og gir grunnlag for vedtaket om eigenbetaling for langtidsplass.

Dette betalingsvedtaket er førebels. Endeleg betalingsvedtak vert utrekna etter at skatteoppgjeret for inneverande år ligg føre.