Velferdsteknologi

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er ei fellesnemning på tekniske installasjonar og løysingar som kan betre den enkelte si evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og bidra til å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren.

Velferdsteknologi kan delast i fire kategoriar:

  1. Tryggleik- og sikkerheitsteknologi
  2. Kompensasjons- og velværeteknologi
  3. Teknologi for sosial kontakt
  4. Teknologi for behandling og pleie

På Direktoratet for e-helse sine nettsider finn du meir informasjon.

Lovgrunnlag

Tenesta kan ytast som eit førebyggande og tryggleiksskapande tiltak (serviceteneste) eller den kan ytast som helsehjelp etter Lov om helse og omsorgstenester § 3-2 6 b og Lov om pasient  og brukarrettigheter § 2-1 a. 

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

IPLOS-registrering

IPLOS-tenestetype 26: Varslings- og lokaliseringsteknologi. Rapportering til IPLOS er avgrensa til GPS.

Kostnad

Kostnad etter fastsett pris per månad når tenesta er innvilga som serviceteneste. Når tenesta er heimla i lov vert det ikkje teke eigenbetaling.

Mål for tenesta

Velferdsteknologi skal bidra til auka tryggleik, sjølvstende, meistring og/eller rørslefridom for pasient/brukar og bidra til at tenestemottakar kan bu lengst mogleg i eigen heim.

Kriterier for tildeling
  • Sjukdom, lyte eller anna som gjer det nødvendig med teknologisk støtte
  • Tiltaket gjev pasient/brukar minst ein av følgjande:
    • auka tryggleik
    • førebygging av skade/ulykke
    • høve til å bu lenger i eigen heim
    • meir sjølvstende og meistring
    • meir sosial kontakt
    • auka tryggleik for pårørande
    • meir rørslefridom utan at brukar utset seg for risiko ut over det normale
  • For lokaliseringsteknologi (GPS) til heimebuande må brukaren ha pårørande som varslingsmottakar
  • For lokaliseringsteknologi (GPS) må pasient/brukar ha tilstrekkeleg trafikkforståing til å kunne ferdast i dei aktuelle omgjevnadane på eiga hand
  • Nokre teknologiske løysingar vil vere ein del av bygningskonseptet i bustad eller institusjon, eller ein del av tilbodet i ei teneste. Vi legg til grunn eit samtykke når de vel å takke ja til ei teneste der velferdsteknologi inngår. Dette gjeld til dømes medisindispensar i heimetenestene og digitale tilsyn ved enkelte heildøgnstilbod
Praktiske opplysningar
  • Velferdsteknologitilbodet består av:
    • tryggleiksalarm (sjå eiga side)
    • passiv varsling
    • pasientvarslingsanlegg
    • medisindispensarar
    • digitale tilsyn
    • lokaliseringsteknologi (GPS)
  • Passiv varsling består av sensorar som sender varsling via tryggleiksalarm, pasientvarslingsanlegg eller teknologi for digitalt tilsyn. Det er ikkje pasienten/brukaren som utløyser alarmen bevisst, men teknologien som detekterar fare/hendingar og varslar automatisk. Døme på passiv varsling er:
    • dørsensor
    • bevegelsessensor
    • varslingsmatte til seng/stol
    • ute-av-seng-varsel
    • fallsensor
  • Passiv varsling i eigen heim kan krevje at ein har teneste tryggleiksalarm i tillegg ettersom mange av sensorane koplast til ein tryggleiksalarm
  • Lokaliseringsteknologi (GPS) nytter GPS-teknologi og mobilnett. Produkta har også alarmfunksjon som utløysast automatisk eller som brukar utløyser sjølv, og dei har to-veis talefunksjon. Kan brukast for å varsle om at pasientar med demens forsvinn frå institusjonsområdet eller heimen. Teknologien vert nytta til å lokalisere dei og lede dei heim att. Heimebuande må ha pårørande som varslingsmottakar
  • Elektroniske medisindispensarar disponerast av heimebaserte tenestene
  • Digitale tilsyn er i bruk på enkelte einingar i institusjon og omsorgsbustader. Det kan også bli tatt i bruk i private heimar og bustader for funksjonshemma
  • Personvern og minimalt av logging/lagring av særskilte personopplysningar
Forventningar til tenesteytar
  • Teknologien vert montert så snart vi har kapasitet etter at behovet er avdekt og nødvendig kartlegging og tilpassing er utført
  • Gi rettleiing og opplæring
  • Når alarmar vert utløyst vil aktuell teneste følge opp varselet og handtere situasjonen ut frå gjeldande prosedyrar
  • Feilretting etter gjeldande prosedyrar
Forventningar til tenestemottakar
  • Opptrer respektfullt i møte med tenesteytar
  • Gi melding til heimetenesta ved langvarig fråvær frå eigen bustad
  • Utstyret vert behandla forsvarleg

Kontakt

Synnøve Nystøyl
einingsleiar
E-post
Mobil 91 14 89 45
Tommy Anzenberger
einingsleiar
E-post
Mobil 90 63 16 94
Sutharsiny Satheeskumar
einingsleiar
E-post
Mobil 47 68 28 34